laurdag 24. juli 2010

Fotokonkurranse

For ei tid sidan vart eg fan av Fotoverden på fjesboka, og idag kom det ei melding på veggen min om at denne månadens fotokonkurranse heiter "Norges fineste sted". Eg brukar ikkje delta i fotokonkurransar, sjølv om eg faktisk vann ein sommarkonkurranse i lokalavisa for nokre år sidan, men denne gongen fann eg ut at eg skulle hive meg med. Det er jo ingenting å tape, ikkje sant?

Mitt bidrag er desse tre bileta frå vakre Sandsøy, utanfor Harstad i Troms. Eg har vist ein god del bilete derfrå før, m.a. to av bileta under. I vakkert vèr står den vesle holmen fram som sjølvaste ferieparadiset for meg. Eg håpar det ikkje er lenge til neste gong me reiser dit!




6 kommentarer:

sigrid sa...

Virkelig ein vakker og fredfull plass dette..
Kjekt med stadar ein kan drøyme seg tilbake til!
Og for ein stilig bamse som fekk bli med heim frå tur :-)

ninabakke sa...

Nydelig sted, så koselig at du deltar :)

Fortsatt god sommer

Mvh Nina

Gamleheksa sa...

Der skulle jeg likt å vært. Lykke til!

Trollkåno sa...

Fine bilder!
Lukke til i konkurransen!

Anne sa...

Fine naturbilder !
Lykke til i komkurransen :)

rod i hob sa...

Fine bilder!!

Og ENDELIG er eg på fast nett igjen!! NÅ ska eg kosa meg nerøve innleggå dine :-)

Kjempekjekt å sjå deg i Kr sand!!

Related Posts with Thumbnails