søndag 18. juli 2010

Ferieblogging: Verdas største bamse!!

Idag har familien vår fått eit nytt medlem. Ikkje nokon liten sak - nei, her snakkar me Biiiiiig Bear!
Vår andre dag i Dyreparken er overstått, og det var altså herfrå me fekk med oss denne enorme saken. Storesyster fekk ein etterlengta runde i den såkalla Båtbasaren - eit tivoliområde med alle slags "pengemaskiner" som vanlege tivoli har. Ho freste frå det eine spelet til det andre, og eit av dei heitte "Dra til sjøs". Ein stor "klump" med tau, der nokre av dei hadde kosebamsar i ulike størrelsar festa til seg. Igår vann Rosamannen ein hest i passe størrelse her. Idag prøvde jenta sjølv, men i enden av tauet var det berre ein papirlapp. Jenta bak disken sto berre og måpa ei heil stund, før ho fekk stotra fram at Storesyster hadde vunne ein "gigabamse". Rosamannen såg store bamsar bak disken, og foreslo kva for ein Storesyster kunne velje. Nei, sa jenta, det er ein sånn! og peika på den største bamsen i heile boden. Og den måtte dei på lageret for å hente! Dei resterande timane var det litt som å vera berømt: folk peika, kikka og smilte. Storesyster gliste frå øyra til øyra, og mange kommenterte til ho om den enorme bamsen.


Då er berre spørsmålet: Korleis i all verda skal me få denne med oss heim, i ein allereie full bil? Eg har rydda alle lastestropper ut av bilen i høve ferien, for me skulle jo trass alt berre på tur. Kanskje me lyt kjøpe ei ny, og stroppe Bamsefar fast på taket?
Time vill shåvv - Tudelu!

5 kommentarer:

FruFly★Heidi sa...

Haha...så gøy - og stress! Du kan jo liksom ikke la den stå igjen, så jeg skjønner godt dilemmaet ditt!:) Kos dere videre på ferie!:) Klem

Trollkåno sa...

Oioi, so stor den er...
Min fyrste tanke når eg las om bamsen, var at den kan sitte i baksetet mellom jentene.
Men etter å ha sett den på bilde, skjønar eg at det går ikkje.......må vel bli på taket, då......lukke til og god ferie vidare!

Annika sa...

haha, for ein størrelse på bamsen då! fekk ikkje inntrykk av kor stor den var, før eg såg den saman med Oda. Men kan tenke meg det blir ei utfordring å få den med heim ja... God ferie vidare! Nyt sørlandsbyen!

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Haha...Ser for meg fjesa då de skjønte kva de hadde vunne!!! Og den der er ikkje så lett å "gløyme att" heller, diger som den er. Største eg har sett!! Lykke til med å få han heim. Biltaket er vel plassen, ja!!

Kos deko vidare. Klem!

Rønnaug S. sa...

Ååååå. Snakk om lykke! En sånn en ønska jeg meg veldig da jeg var liten. (Det gjør jeg ikke lenger ;)) Kanskje dere rett og slett må få dere henger :)

God ferie videre!

I dag er jeg en tur heimom for å bake litt og vaske litt og ikke minst få lagt med hårsveisen... Ellers nyter vi stølen i all slags vær. Når det ikke regner henger vi gras til tørk. :)

Related Posts with Thumbnails