torsdag 22. juli 2010

Ferie-collage mellom sparkling og maling

Ferien vår til Sørlandet er over. Tysdag pakka me sakene, snørte Bamsefar fast på taket, og sette kursen mot nordvest. Eigentleg hadde me tenkt å finne overnatting i Stavanger, men måndag kveld kom me inn på tanken om å køyre direkte heim. Ein lang tur, men å skulle pakke ut og inn i bilen endå ein gong var særs lite freistande. Istaden tok me middag og ein god pause i oljebyen, før me køyrde heilt heim. Sjølv om jentene ikkje er særleg glad i bilkøyring gjekk det igrunn fint å køyre alt på ein dag. Minstemor sov eit par gongar, medan Storesyster heldt seg våken kvart minutt av turen. På slutten var ho trøytt, men då trur eg ho gleda seg slik til å vise Bamsefar til Besta, Besten og onkelen at ho ikkje klarde å sove likevel.

Me hadde fine dagar der sør - 2 i dyreparken og ein på Sørlandssenteret. Der fann eg akurat butikken eg hadde leita etter på nett: ein butikk full av baderomstilbehør i fargeseriar - deriblant turkis! Oh Joy! Kort fortalt, så er alle dei turkise detaljane til badet på plass no (sidan me likevel hadde så lite plass i bilen gjordet det ikkje noko at eg shoppa litt ekstra ;) )

Etter me kom heim har mannen lagt ferdig golv og lista ferdig i stova, medan eg har sparkla pussa, maskert, og hatt akryl på alle dei stadene der det trongst ein liten "facelift". Ikveld har eg grunna vindaugslister og imorgon vert det silikonering på badet før eg tek til med maling av mil etter mil etter mil med lister.

Innimellom dette har eg smellt ihop ein liten collage av nokre få av bildene frå dyreparken. Eg veit ikkje om det er noko eg kjem til å skrive ut/trykkje opp, men det var no kjekt å prøve litt sånn i farten.
Eg håpar du har gode sommardagar der du er - her hjå oss er det faktisk meldt SOL framover!

1 kommentar:

Gamleheksa sa...

Herlige dager for små og store!

Related Posts with Thumbnails