måndag 21. juni 2010

Vinnarar

Jepp, ikveld har me hatt ei høgst uformell trekking i heimen. 15 deltakarar meldte seg på (Rønnaug var eigentleg litt for sein, men det var jo ikkje akurat trengsel, så ho fekk vere med likevel ;) )
Bror min fekk velje eit tal mellom 1 og 15, og valde 7. Storesyster som òg var i rommet ville vere med, og dermed måtte det bli ein trøystepremie òg. Storesyster valde nr 15.

Vinnarane er difor Henriette, som eg håpar eg får drikka kaffi med ein gong, og Rønnaug, som eg drikk kaffi med nesten kvar dag :). Eg har ein plan, og om Henriette sender meg adressa si så skal dei få premiane sine om ikkje så lenge.

Ikveld har eg forøvrig pussa ferdig den største veggen i stova vår, og har berre att å pussa to små veggar i den nye delen av stova - det som var det gamle kjøkkenet, det me brukte då me flytta inn i huset. Endeleg skal det få ein ny funksjon!

Til slutt, ein varm og god tanke til Rod i hob - tenkjer på deg!


4 kommentarer:

Henriette sa...

Tenk at eg vann!!!! Så utruleg koseleg:0) Og du, eg er klar for kaffi kva tid som helst!!!!! Kanskje me må møtast på "midten" og ta ein kaffi i Bergen ein gong;)

Spenande med bilete frå stova. Tømmerveggar er jo berre så fint!

Eg sende deg ein mail med adressa mi.

Klem:)

ingridmarie sa...

Åh.no var det ei stund sidan eg var innom hjå deg-tenk eg hadde ikkje fått med meg at du snart ville passera 50 000 treff! So gøy :) Og for ein vakker mur de fann bak platene v omnen-håpar at det kan la seg gjere å behalda den! Skulle jo tru at den er brannhemmande i seg sjølv..? Ikkje at eg er nokon ekspert på slik, altso :) Her skal vi i gang med flytting av ytterdør og bygging av garderobe der den gamle inngangen var, er stadig redd vi skal gjer dumme ting som feks å sage ned bærande vegg eller treffe ledningar... Men mannbrand er no litt meir handy enn meg, so det går nok bra! Eg kjem meir på bana når det kjem til innreiinga og vaskinga eg då :) Kjekt å lese om stolte førskulejenta-vi har og hatt førskuledag med Storesøster her i heimen- "Den beste dagen i mitt liv" som ho so fint oppsummerte sjølv ved leggetid :) God st.Hans i morgon, og vonar de får fine sommardagar vidare!

Annika sa...

Hei!

Berre raskt innom for å ynskje dokke ei fin jonsokfeiring :)

Klem, Annika

rod i hob sa...

Tusen takk for tanken!

Var det DEN eg kjente her om dagen ja....! Takk!!

Related Posts with Thumbnails