tysdag 29. juni 2010

Neste prosjekt!!

No trur du kanskje at eg er riv ruskande galen (og det har du gjerne rett i), men oppi hovudet mitt har eg ein veldig klar plan for eit prosjekt me skal setje igang med når me berre har fått til stova. Og badet. Og gangen. Og vaskerommet. Og har vaska ned heile huset. Og har flytta heim igjen. Og kanskje kvilt ut litt òg?

Eg har nemleg forelska meg aldeles i eit golvbelegg! Eg er jo ganske ofte innom butikkar som fører både veggar og golv-material for tida, og plutseleg stod eg og bladde i "we "heart" vinyl", som er Tarkett sine produktprøvar. Nytt av året er deira "urban collection", og der - der har dei gatekart over Manhattan! Eg MÅ ha det - berre MÅ ha det!!
I 2. etg, rett innom soverommet vårt, skal me lage til eit lite bad/toalett, slik at ein slepp vandre gjennom heile huset i nattlege ærend. Og på dette badet skal me ha Manhattan-golv. Me skal dessutan ha 3 kvite veggar og ein svart (eller evt stripete svart/kvitt). Kva me skal gjere med den grøne doen veit eg ikkje heilt, men kanskje det går an å trikse litt med spraymaling? Svart bengalakk-do må jo vere nokså unikt ;) Dama i butikken lova meg at golvbelegget kom til å vere der ca ut året, og har me ikkje laga bad til den tid, så skal eg eigenhendig kjøpe golvbelegget og ha det i opplag til me ein gong kjem igang.
Statusrapport frå byggjeplassen: - den flinkaste mannen har plata heile den nye delen av stova + ein vegg i den eine gangen idag. I skrivande stund pussar han pipa så den vert glatt og fin, istaden for strukturert og uhandterleg. veggane i stova er sparkla og nesten ferdig pussa. Teglsteinsmuren er fiksa, og eit lite skiferplatå er klart for ovnen som skal på plass igjen. Golvet er kjøpt, og ligg klart i gangen. Badekar er bestillt, og er venta levert innan ei veke. Førebuande arbeid til flislegging av badet startar ikveld. Å lage nytt bad er forøvrig det reinaste stafett-arbeid!
Sjå berre her;
-KNUS! veggar og golv.
-grav opp alt som var under golvet
-skaff røyrleggjar som kan fjerne gamle røyrdeler.
-grav litt meir.
-skaff røyrleggjar som kan legge nye røyrdeler
-grav på att singel og sand.
-skaff elektrikar som legg varmekablar.
-støyp golv. Vent 4-6 veker(!)
-skaff røyrleggjar som førebur alt som skal ligge inni veggane.
-skaff elektrikar som førebur alt elektrisk inni veggane.
-få på plass snikkar, som legg rupanel og gipsplater.
(etter 4-6 veker frå støypt golv)
-ha primer på veggane. la tørke
-ha fuktsperre på veggane. la tørke
- ha membran på golv og veggar
- ha fiberduk på golv og veggar
- nytt lag med membran.
-la tørke.
- legg fliser.
-la tørke.
-fugemasse.
-la tørke.
-silikon.
-la tørke.
-sett opp lister rundt dørar og vindauge? Maling?
-skaff røyrleggjar igjen (!) for å installere toalett, diverse blandebatteri og badekar.
-skaff elektrikar, for å koble på straum, lys og varmekablar.
-vask rundt
-NYYYYYYYYYYYYYYYYYYYYYYYYYYYT!!
Med lilla skrift er der me er ikveld.
tru kva kalendaren viser når me er komne til enden av lista....
Medan mannen jobbar i huset til langt på kveld, skal mor no finne senga. Når eg er så trøtt at eg har mest lyst å grine for den minste ting, då veit eg at det kun er søvn som hjelper!
Nattinatt :)

2 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

WOW!!!

Intet mer å si om den saken. Jeg er storlig imponert! Og Manhatten. YESS!

Annika sa...

Så flink dokke er!
Trudde egentlig dokke berre skulle fikse etter vannskade og ordne nytt bad eg - men det er visst totalrenovering av heile huset?

Gler meg til å sjå bilder :) Klem!

Related Posts with Thumbnails