måndag 7. juni 2010

Innskrivingsdag

Denne våren har vore full av spanande dagar for Storesyster. Det handlar om å verte kjend med eit heilt nytt system - skulesystemet. Til hausten er ho fyrsteklassing, og sist fredag var det innskrivingsdag på skulen. Mor fekk vere med, og det var utruleg kjekt å sjå spenningen mellom 5/6-åringane i møte med små drypp av ein ny kvardag.

Og så er det ikkje til å komme unna at det er litt vemodig at den sorglause barnehageperioden er over for hennar del. At jenta er vorte så stor, og no skal ta eit steg vidare på vegen mot sjølvstendig. Storesyster sjølv kan ikkje komme dit fort nok. Ho gler seg enormt til å komme igang, og til å leike med gode vener som allereie har gått der eitt eller fleire år.

Med ivrig jente på førskule-veg ynskjer eg deg ei god veke! Hugs at om du vil vere med i feiringa av no passerte 50 000 treff, så er det berre å legge att ein kommentar under dette innlegget.

4 kommentarer:

Annika sa...

Tida har det med å gå litt for fort i blant ja, og vips er ho klar for ungdomsskulen ;)

Nyt dei siste dagane med to barnehagejenter!

Og no har teljaren din bikka 50.000! WOW!

Gamleheksa sa...

Ei herlig, spennende tid ;)

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Så spennende med skuletid - både for ho og deko. Her er det barnehage for poden i august - blir spennende det også.

Ha ein flott kveld!! Klem!!

Christine Louise sa...

Åå de vokser så fort.
Skulle vært skoledag for min i morgen også- Men skolen streiker :( Utrolig synd altså..
Får håpe vi får ta igjen før sommerferien..

Klem

Related Posts with Thumbnails