torsdag 10. juni 2010

Evangerlaurdag

Ein snartur innom bloggen i nok ei travel veke. Imorgon vert nesten-fri-fredagen oppteken av innkjøp og organisering til Evangerlaurdag som føregår fyrstkomande laurdag mellom dei gamle trehusa i "Gato" på Evanger. Eg er den heldige vinnaren av kafè-ansvaret, og det er ei heilt ny erfaring. Med god hjelp frå dugnadsfolk i bygda håpar eg det skal gå vel..

Plakaten er eit samarbeidsprosjekt med ei anna dame i nemnda, og om ikkje anna kan ein iallefall sei at den lyser godt opp!

Er du i distriktet, eller har du rett og slett lyst ut på tur på laurdag, så kom til Evanger!!


3 kommentarer:

rod i hob sa...

Så koselig då!!

Lykke til med dagen og kafe ansvaret :-)

Krysser fingrane for godt ver

Nå får eg sjå te å komma meg i seng... Alvorlig talt!! :-)

Gamleheksa sa...

Hadde det ikke vært så langt, så hadde jeg kommet svingende inn på kafeen din. Lykke til!

Annika sa...

Lukke til med arrangementet! Hadde det vore litt kortare, og ikkje parkdag her samtidig, hadde eg komt! Men håper eg får anledning ein gong, å sjå bygda :)

Related Posts with Thumbnails