onsdag 2. juni 2010

* * * 50 000 * * *

Det er ikkje til å tru, men iløpet av ein dag eller to kjem teljaren på bloggen min til å bikke 50 000. Femtitusen!! Då er det vel på tide med ei lita feiring, ikkje sant?

Det er utruleg kjekt når dagsteljaren nærmar seg 100 besøkjande dei dagane det kjem nye innlegg, og eg tek meg ofte i å undre meg på kven desse gjestene er? Er det ein av mine drøyt 30 fylgjarar? Er det slekt? Vener? Sambygdingar? Eller berre "tilfeldig forbipasserande"? Ikkje veit eg, men eg vert fantastisk glad når eg ser at nokon har lagt att spor etter seg! Nokre av bloggarane vil eg faktisk sjå på som mine vener, sjølv om eg aldri har møtt dei anna enn gjennom dataskjermen.


Om du vil vere med er det berre å legge att ein kommentar under dette innlegget, der du skriv 3 ting du likar (gjerne interiør-relatert ;) ). (Dette konseptet er ein rip-off frå Lotta, som feirer endå meir fantastiske 100 000 besøkjande!) Dette må du gjere innan fredag 25. juni kl 23.59, så du har god tid! Er du anonym legg du igjen ei epost-adresse òg ;)

Mine stikkord ville forresten vere: rosa, roser, turkis.

Håpar mange vil vere med på feiringa mi, og skulle du ville fylgje meg vidare òg, så vert eg hoppande glad!

15 kommentarer:

Annika sa...

Eg er innom kvar gong du legg ut noko nytt, men det trur eg du veit også :)

Blir sjølvsagt med på trekning - gratulerer med fantastisk besøk!!

Tre stikkord: familie, vennar, sol :)

Gamleheksa sa...

Nr 49959 her nå:) Men meg kjenner du vel igjen, siden jeg nokså ofte kommenterer, hehe. Gratulerer med litt av et jubileum. Jammen kan en lure hvem alle er.

Mine stikkord: familie, sommer, kamera.

Nikoline sa...

Hei på deg,og gratulerar med jubileum! Eg er av dei faste ved kvart nytt innlegg,men i det siste har det vore så som så med kommentarar frå mi side... Og så må eg takka deg for ein utruleg positiv og kjekk kom.eg fekk tidlegare (ja,ALLE er jo kjekke å få sjølvsagt,men det var ein spesiell) Eg hadde ikkje reflektert så mykje over navnet på eigedomen i Haugamoen før du skreiv "Junibakken får meg til å tenkja på rips" osv.Det var så fint sagt og formulert at eg tenkte tilbake på orda dine fleire gonger den kvelden. Og ja; det minna meg også om rips,sommar og friheitsfølelse... og plutseleg kjende eg at jammen santen VIL eg flytta snart!! Så takk til deg:0)
Hmm.. dette vart litt avsporing,ja..
3 ting eg likar?
Helgelandsdialekt
Gamle rusta ting
Bokstavar og tal
Blandt anna... likar så mangt,eg!
Ha ein flott dag vidare,nyt sommar og sol som dei har lova oss her vest frå i morgon:0)

FruFly★Heidi sa...

Grattis med en hel haug besøk!
Og pippi være med!
Tre ting jeg liker...hmmm...oki:
1. Familiemiddag
2. Sol
3. Bamsemums

Klem Heidi

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Gratulerer med
SÅ mange besøkande!!! MORO!!!
Eg blir gjerne med på dette:
Mine tre ting:
1. Levande lys
2. Blomster
3. Kvit
(om du ville ha det interiør-relatert?!)

Klem!!

Anne sa...

Gratulerer med så mange besøkende !
Jeg er en av de som titter innom bloggen din ofte;)
Tre stikkord : gammel,nytt, bruntoner

Henriette sa...

Gratulerer med sååååå mange besøkande!!!!! Eg er med på feiringa og likar lyst, pastellar og krisebær(farge altså). Heilt uavhengig av interiør elskar eg god kaffi og handlaga konfekt;)

Som du skjønar har eg ikkje snøa ner, men eg har berre vorte akutt ramma av bloggesperre;)

Jobbar 2 dagar i veka som barista, og målet er den perfekte kaffien med lekkert mønster;)

Ha ei flott helg.
Klem♥

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Gratulerer till de många besökarna. Och så kjekt med en give away.

Mina ord är:
Lys
Bokstäver
Keramik

Marit sa...

Hei!

Er faktisk første gang jeg er innom bloggen din, og her vil jeg gjerne fortsette å følge med. Var i bloggrollen til en annen blogger jeg kom inn på deg, så et fint bilde av en forventningsfull snart-skolejente:-).

Tja, 3 ting jeg liker, interiørrelatert: Blomster, lys og fine serviser.

Hilsen fra Marit(maritnh@live.no)

Mariann sa...

Wow i dag har du over 50000 besøkande! Da er berre heilt fantastisk! Henge meg gjerne på konkurransen!!

Mine tre ting er;
ting som er arva frå familien
blomar
kubbeljos

Ha ei fortsatt flott veke !!!

Klem frå Mariann

igi sa...

Gratulerer med mange besøkende. Jeg vil selvfølgelig være med på feiring. Tre stikkord fra meg:
- emalje
- sink
- blomster

Klem Igi

rod i hob sa...

Ååååå -fantastisk!!
Gratulera så møje!!

Eg skrøyt på meg at eg sku legga meg, -men de var før eg såg dette innlegget!!

Tri ting eg like e:
* Turkis
* Clupea
* Romantikk

Patina-H sa...

Oj, fantastisk ! :)) Eg vert sjølvsagt med på trekning. Tre stikkord var verre i farten....eh
1. fin patina :)
2. loppis
3. pastellfargar

Tonje sa...

Jeg er tilfeldig innom gjennom en annen blogg, men kommer nok til å stikke innom flere ganger:)

Tre favoritter hos meg:
1. familien
2. bøker
3. sommer

:)

Rønnaug S. sa...

Godt med påminninger! Klart jeg vil være med :) Kjekt med så mange besøkende :)

1. Green Gate
2. Sommer
3. Tid til puslerier :)

Related Posts with Thumbnails