laurdag 22. mai 2010

Pinseaftan

3 herlege soldagar har me hatt, med gode temperaturar og glimrande moglegheit for å verte litt svidd i kantane. Nydelegt!


Eg og Trollkåno hadde ein liten fredagstur på Plantasjen, og midt mellom blomar og gassgrillar, paviljongar og frukttre, sat denne vesle engelen med søkande blikk, og ba så tynt om å få vere med. Det fekk han sjølvsagt! No er han her og prydar hagen til foreldra mine, men han skal nok få flytte ned i vår eigen hage, der han kan lyse opp med ei tenksam mine. Eg har forresten gysla lyst på ein slik paviljong, eg òg. Ein kvit, i tre, som me kan sitte under i sol og regn, med bord og stolar, god mat og god drikke.


Akurat no ventar me på ein elektrikar-kamerat som skal legge varmekablar på badet-to-be. Idag kjende eg for fyrste gong på lenge ei kriblande kjensle etter å komme igang med noko der nede i kaoset, og det var litt godt. Så får me sjå kor lenge det er til neste gong - og om eg får gjort noko med det.
Nyt pinsehelga!!

6 kommentarer:

Marte sa...

Heisann på deg!

Først av alt, så nyydelige bilder fra 17 mai! Herlige unger:) Neste år får jenta mi samme bunad! Så artig å se:)) Det er arvebunade, til nå har den vært for stor, men neste år gleder vi oss til å bruke den:) For det er vossabunad, sant??

Collagen min er et ferdigkjøpt bilde, som vi har i butikken vår, blomsterbutikk i knarvik:)
Jeg er ikke flink med foto og print, skulle ønske jeg var, men...

Ha en fin helg!
Marte:)

igi sa...

En nydelig liten engel! Kos dere videre i pinsa.
Klem Igi

KRISTIN sa...

Hei!!
Den engelen er kjempefin. Så den på plantasjen for litt siden. Kjøpte engel på pinne til mammas grav der.

Tusen takk for dei fine helsingane inne hjå meg!!
Huff, her vart det eit salig virrvarr av bokmål og nynork - litt språkforvirra kan ein seie!! Ja, ja...

Nyt resten av pinsa! Klem!!

Annika sa...

For ein nydelig engel! Tenkte å få med mamma på plantasjen over helga, so spørs om det blir litt shopping på meg også.

Ja, det er både godt og rart at hesten har reist. Er mest lei meg på mammas hest sine vegne, for ho er litt ensom no. Men det ordnar seg nok. Og nei, det er nok ikkje heilt fritt for at eg likevel har litt å henge fingrane i, også litt hestlig aktivitet kanskje :-)

Kan tenke meg det vert spennande å sjå ting tek form igjen i huset. Regnar med du kjem med ein rapport etterkvart :-)

God pinse! Eg skal straks på ishavsmuseet og vere søndagsvakt der :-)

Klem!

Gamleheksa sa...

Nydelig engel. Denne blir fin å ha når flyttelasset endelig går nedover bakken til Rosaheimen igjen.
Jeg er jammen enig at paviljongen til sjølfolket ble fin. det står på ønskelista her også...

Fortsatt god pinse.

Rønnaug S. sa...

Det var engel til hagen deres, ja. Og den sitter jo på ei kule med roser! Fantastisk!

Related Posts with Thumbnails