fredag 28. mai 2010

På gjengrodde stier

Sist helg tok me med oss prinsessene på skogstur, opp frå garden til foreldra mine. Eit stykke opp i skogen kjem ein til ein granskog med digre grantre. Desse vart planta då far min var liten - før den tid var det slåtteteig for garden her. Imellom trea ligg murane etter det som var ein liten husmannsplass, no mosegrodd og stille. Det er ei heilt fantastisk stemning i denne skogen, syns eg. Det heng ein mystikk over plassen som treff meg kvar gong eg er der.

Framleis ser ein små stiar mellom trea, utan eg nokon gong har fylgd dei. Kanskje er det sauer og skogens dyr som brukar dei? Neste gong eg er i skogen skal eg òg fylgja dei, og sjå kva som ligg lenger borte mellom dei høge stammene.

Igår kveld fann eg fram ei bygdebok, som tek for seg alle gardsbruk i bygda, med slekter, små historier og utgreiingar for buskap og bygningsmasse igjennom tidene. I denne boka står det om ei kvinne som fekk born med fleire ulike menn, men som til slutt vart gift, og fekk bu på ein husmannsplassen i nærleik av farsgarden. I fylgje far min låg denne plassen der innimellom trea, der eg aldri har gått. Borna hennar budde der heile sine liv, inntil fattigvesenet tok seg av dei.

På den husmannsplassen, som me brukar å passere, budde det ein kar som vart omtala som "adskillig begavet", og det står å lesa at han prosederte saker for retten, utan å verte målbunden av munnrappe advokatar. Likevel, han enda som fattiglem, den begava sakføraren òg. Desse historiene rullar gjennom hovudet med ujamne mellomrom, og etterlet seg eit spor av melankoli. Skjebnar, levde liv på ein liten grasflekk, med hest, ei kyr og 3 sauer......

Like brått som ein kjem inn i mystikken, så forsvinn den når ein kjem til strålande sol og parfymen frå blømande hegg. Det siste biletet er av ein blom eg ikkje veit kva heiter. Den stod på skogbotnen i lauvskogen, midt mellom kvitveisen, men blåveis er det vel ikkje. Veit du navnet på den?

Ha ein god fredagskveld, og ei strålande helg! Måtte sommarvarmen nå oss alle!!!

9 kommentarer:

Gamleheksa sa...

Så koselig å få være med på tur gjennom trollskogen.

Tror den blomsten heter skogsfiol, blåveis er det iallefall ikke.

God helg!

Trollkåno sa...

So fint innlegg om turvegen vår............

mali-mo sa...

Takk for koselig hilsen ;)Må være spennende å få vite litt om historien til turområdet ditt. Ser ut som et vakkert sted ;)

Tror det er en skogfiol jeg også.

God helg!

igi sa...

Takk for en koselig tur! Vakre bilder. Kos deg i helga.
klem Igi

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Så underbara bilder. Magiskt!

Hoppas du har en riktigt fin helg!

Annika sa...

No fekk eg lyst på skogstur, gitt! Spørs om eg må ta meg ein tur på vandring i morgon!

Klem :)

Annika sa...

...og ja, Gamleheksa har heilt rett, det er skogsfiol den vakre blomen heiter - ein av mine favorittar!

Anne sa...

Nydelige naturbilder !!

Ragnhild Overby sa...

Takk for en koslig tur i skogen. Det minner meg om min egen barn- og ungdomstid i Norge. Det var en liten skog ved bestefars gård. Du kunne ikke gå deg bort i den for den var altfor liten til det, men vi så nisser og troll bak hver tue og så fant vi mange vidunderlige vill jordbær som vi tredde på strå.
Den siste lille blomsten på bildet ditt tror jeg må være en blyg liten fiol.
Jeg har bodd i USA i mange år, men gleder meg over alle de koslige bloggene som norske unge damer skriver. Jeg fikk virkelig hjemmelengsel og lengsel tilbake til en svunnen tid da jeg leste din i dag. Takk, takk.

Related Posts with Thumbnails