måndag 3. mai 2010

Eit glimt frå den verkelege verda

Dei siste innlegga har vist glimt frå vår fantastiske tur til New York. No er det nesten litt fjernt at me for berre to veker sidan var der og snuste storbyluft og yrande folkeliv. Då er det godt å ta fram

Sidan me kom heim har me budd hjå foreldra mine, berre eit par hundre meter frå vårt eige hus. Der (altså i huset vårt) er det eit sant kaos! Snikkarane har rive og bygd oppatt ein vegg på arbeidsrommet mitt, vetlesyster sitt rom, soverommet vårt, i trappeoppgangen, i stova, og ein vegg + taket på kjøkkenet og i gangen på baksida. No er det malaren som skal gjere sitt i alle desse romma.

Badet er ei anna historie. Snikkarane reiv veggane, og heile helga har mannen stått med slagboremaskin og partert golvet. Når badet fyrst skulle gjerast noko med, så fann me ut det ville vere dumt å ta det halvvegs. No vert det varmekablar og fliser istadenfor stråleovn og våtromsplater! Me satsar på at me skal få inn eit badekar av eit eller anna slag, og har beslutta å flytte veggen inn mot det komande vaskerommet med ein dryg halvmeter. (dei øverste bileta er frå det som skal bli vaskerom. Det har til no vore den gamle snikkarverkstaden, med inngang kun frå utsida.

Ein kan seie mykje om løysingane i det gamle huset, men er det nokon stad det har vorte satsa, så er det på badet! 15 cm tjukt betonggolv er inga enkel sak å få vekk, men med mykje svette og god hjelp gjekk det til slutt. Så var det å grave fram avløpsrøyra, som befann seg ein heil meter nede i pukk-laget. Onsdag kjem røyrleggaren, og då skal det gamle vekk og nye røyr på plass. På badet skal handverkarane gjere grunnarbeidet, og så skal me leggje fliser sjølve, til slutt. Der håpar me nok òg på at erfarne hjelparar kjem oss til unnsetning, men det er enno ei stund fram.

Håpar du der ute får ei god fyrste veke i mai!





6 kommentarer:

Annika sa...

Spennande med nytt bad då! Det vert nok bra :) Når vi pussa opp badet, slapp vi heldigvis å gjere noko særleg med golvet, anna enn å rive eit fælt belegg. Vi har rett nok berre varmekablar i halve romet, men det er varmekablar der som trengs mest :)

God mai-veke. Her er det kvitt i dag :)

Klem!

Gamleheksa sa...

Du store min, for en jobb. Men det er jo lurt å gjøre det nå når det er håndverkere over alt likevel og dere slipper å bo midt i "galskapen" Det var litt av en kontrast fra New York dette ja, men borte bra, hjemme best, etterhvert :)

Neje sa...

Kjekt du e tebake igjen, velkommen hejm :0)
Godt og ha noe å gjøre på no i disse maidager hvor "ingenting" annet skjer, fælt og værta arbeidslaus - itj sant ;0)
Er litt missunnelig på dere som da til slutt får et nytt flott bad og vaskerom, har en drøm om det æ og men det ser ut som om det er laaaangt fram i tid....

Janne

igi sa...

Tøff periode dere er i. Hold motet oppe! Det kommer til åbli så fint! Gleder meg til å se hvordan det blir.
Klem Igi

Lillamamma sa...

Kan tenke meg at det skal verte utruleg deilig med eit skikkelig bad. Spesielt når ein slepp kalde føtter om morgonen.

Kjenner meg igjen. Eg er oppvaksen i eit slikt hus, som aldri vart ferdig. Der måtte vi rive heile badet, og gjekk 6 mnd utan bad. Det var slitsomt. Det er noko anna når ein kan lage det i det som alt er der.

Kan tenke meg det var godt med ein New York tur.

Anita Kristin

Rosa sa...

Heisann:) Det var lenge siden eg har vert her hos deg:) Nå fant eg hit via Patina, der eg var innom på ein tur i går. Lenge siden eg la ned bloggen, så da mista eg mye adresser òg.
Koselig å lese hos deg, og dere driver på med oppussing enda ser jeg;) Sånt tar tid ja, litt av en jobb ja. Men blir nå så flott og godt til slutt tenker eg:)
Håper du og dine har det bra, nydelige bilder du har her også, må ha en fin vår/sommer:)

Related Posts with Thumbnails