laurdag 15. mai 2010

Dei finaste bunadsjentene

Dei er mine :)

Sist helg var me til svigermor og henta to Hausbunadar i str småjente. Sidan me skulle i konfirmasjon til ein kjekk gut på torsdag tjuvstarta me litt på bunadssesongen, og sjølv om mor hadde gløymt dei få små oppgåvene ho (altså eg) skulle gjere sjølv, så vart det til slutt bunadar me alle sine respektive deler på begge to. Imorgon må skjorter og forkle vaskast og strykast på nytt, så me er klar til hurra-dagen! Så får me berre krysse fingrane for at omgangssjuke-baseluskane som herjar i heimen har flytta ut iløpet av morgondagen!!


Vetlesyster er ei tullejente av dimensjonar, enten ho gjer seg til for Besten i kyrkja, eller flyg mellom trea med trillande latter.

Storesyster "heng" i kyrkjetrappa, i det eg syns kunne verte ein gangske kul og litt anleis bunadsreklame :)

Håpar nasjonaldagen vert strålande på alle måtar for deg der du er!

8 kommentarer:

Trollkåno sa...

Fine jenter, fine bunader...og ein fin dag var det!

Gamleheksa sa...

Så fine!!!!

Ha en flott 17.mai!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Så fina bilder! Och så söta jentene är i bunad.

Hoppas ni får en riktigt härligt 17 maj imorgon!

Rønnaug S. sa...

Det var bunadjentene sine det. Kjempefine! Og annerledes reklame har vi i alle fall ikke vondt av :)

Håper dere er helt friske og klare til en strålende dag i morra :)

ingridmarie sa...

So skjønne jenter i flotte bunader! Her skal vi og i gong med vasking og stryking av skjorter, barna tjuvstarta med 17.mai i barnehagen sist onsdag. Litt styr for oss vaksne, men stor stas å gå i tog, ete is og vere saman med dei andre i barnehagen, sidan alle er so spredd på lokale skular på sjølve dagen. Eg veit iallefall at alt passar, og rakk å kjøpe nye sko til Lillebror :)God 17.mai til dåke!

rod i hob sa...

Kor fine dei va :-)

E litt spent på koss morgondagen blir. E egentlig ikkje noke 17.mai jenta lenger, -men blir jo litt annerledes med vetlejentå i hus... Nå fekk eg ett merkeligt innfall: LYST Å TRENA!!! (Blir visst sjuk eg og?)

Eg e visst iallefall ikkje forberedt på R E G N.... :-/

Annika sa...

Nydlige bunadjenter ja!

Håper de får ei flott feiring. Her er vi med i nemnda, så skal straks avgarde å pynte bygda:)

KRISTIN sa...

Hei!
Lenge sidan sist!! Mykje å gjere for tida, mai er ein travel månad.

Bunadsjentene dine var verkeleg flotte!! Bunadene var ein minivariant av ordentlege bunader - stilig!!

Kos deko i morgon!! Klem!

Related Posts with Thumbnails