laurdag 8. mai 2010

Cruise rundt Lower Manhattan

Etter enda skuleveke på Stevens Institute for den flinke Rosamannnen skulle den avsluttast med brask og bram; me skulle på cruise rundt nedre Manhattan saman med avgangsstudentar og diverse tilsette ved skulen. Cruiset inkluderte middag og fri bar, og til min store skrekk var det dresskode "party dress". Eg allierte meg med den norske jenta som Rosamannen studerte saman med, og fann ut at min litt kvardagslege kjole var grei nok, utan at eg på nokon måte ville framstå som kveldens mest velkledde ;)

Yachten Cornucopia Destiny låg og venta på oss, og einaste minus med kvelden var at dette var den einaste kvelden i veka det verkeleg var dårleg ver. Heldigvis var det tak over store delar av topp-dekket, og det var utruleg vakkert å sjå the Manhattan skyline by night! Eit møte med Fru Frihet fekk me òg, og ho gjorde absolutt inntrykk! Det er krevjande å få gode bilder i mørket, på ein båt i litt uroleg farvatn, men etter ein tøff sletterunde har eg framleis nokre bilder att som kan minne om ein fantastisk kveld med (for meg) nye vener.








God sundag!

5 kommentarer:

Gamleheksa sa...

Jammen opplevde dere mye flott på kun kort tid "over there" Du vet vel at kobberet på Fru Frihet er norsk, fra Karmøy?

rod i hob sa...

Så fine bilder!!

Tenker at de va en opplevelse for livet!!

Go veka i vente!!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Å så härligt! Och vilka bilder.

Vi reser till USA, och bl.a. till New York, i juni. Och efter dina underbara bilder därifrån längtar jag bara mer! :-)

Hoppas du har haft en underbar helg!

maría cecilia sa...

What a lovely trip you are doing!!! Enjoy it to the fullest!!!
Cariños,
Maria Cecilia

Henriette sa...

Flotte bilete! Håpar det går på fram i huset:)

Eg hadde hjelp av far i nabohuset til tapetiseringa, men resten gjorde eg sjølv. Kjempegøy;) Pappen og eg har tapetisert mykje -bla. heile huset vårt, så det var fort gjordt med berre ein rett vegg:)

Ha ei flott veke.
Klem♥

Related Posts with Thumbnails