torsdag 8. april 2010

Start spreadin' the news



Med eit ullgrått bilete frå det ugjestmilde gjesterommet vårt kan eg no konstatere at me har flytta heim til mor og far. Dei siste par dagane har vore enormt hektiske, sidan me plutseleg fekk beskjed om at byggmesteren skulle begynne riving i huset igår. Alt av lausøyre er stua inn på gjesterom, jenterom og det rommet som tidlegare var kjøkken. Det er fullt! Dei to karane var raske og effektive, og fekk unna mykje meir enn eg hadde forventa igår. Dermed vart det panikkrydding til uti dei små timar, og grytidleg opp idag for å fortsetje. Men no - no er me ferdige med denne biten. No sitt eg i sofaen og ladar opp til å sjekke pakkelista mi mot innhaldet i kofferten heilt på skikkeleg. Om 9 timar skal me reise herifrå, køyre til Flesland, og så ta til på det 10 dagar lange New York, eventyret. Eg er frykeleg spent, men veit ikkje om det heilt har gått opp for meg at det no er alvor. Det virkar nesten surrelistisk at me skal reise så langt og vere vekke så lenge, og spesiellt med tanke på alt som skal foregå her heime. Forhåpentlegvis går alt veldig bra!!

Og, skulle du vere i tvil - både fotoapparat og laptop skal vere med ut i den store verda, så det kjem nokså sikkert opptil fleire reisebrev frå "over there" dei næraste 10 dagane. Eg har ikkje fått besøkt andre bloggar heller dei siste dagane, men håpar ikkje nokon vært fornærma for det ;)

Tudelu!

10 kommentarer:

Mariann sa...

God tur!!

Gamleheksa sa...

Gleder meg til reisebrev fra den store verden. Men bruk for all del ikke mye tid på det, det erjo mye som må oppleves "over there"
God flytur. Det er kanskje ikke favoritt-tidsfordrivet:)

KRISTIN sa...

Riktig god tur, kos deko mykje!! Vert ikkje forundra om det ikkje kjem noko reisebrev før etter du kjem heim, reknar med det er nok å ta seg til der borte!!

Har ikkje heilt fått med meg årsaka til riving(?) i huset de bur i? Er det vatnproblema i vinter som er grunnen?

Klem!

DUNNISMoR sa...

Hei!
Det må vere ei god kjensle at renoveringsarbeidet, etter lekasjen de hadde i vinter, endeleg er i gang.
Noko kaotisk vert det som oftast i ein overgangsperiode, men så er ein brått i hus att...
Og heldige de! Riktig god tur til New York, kosa dykk masse og nyt dei 10 dagane de har over there!! Det vert spanande å høyre korleis de har hatt det:)

Anne sa...

Så spenndene med NY- tur :)
Dere må ha en kjempe fin tur og kose dere masse ! Blir kjekt å lese reisebrev:)

Rønnaug S. sa...

Og da er dere på veg. Kos dere og nyt dagene. Både feiring og shopping og faglig.

Velkommen heim att når tida lir så langt:)

igi sa...

God tur! Nyt "ferien". Gleder meg til å høre hvordan dere har hatt det!

Klem IGi

Henriette sa...

Kos dåke på tur, og nyyyyyyyyyt dagane. Ingen sure miner om me ikkje høyrer frå deg før su kjem heim att. New York utkonkurerer bloglandia utan problem;)

Klem♥

Torilpia sa...

Heisann!

Håper dere får en super tur uten å bekymre dere alt for mye om det som foregår hjemme :o)

Kos dere!!! Klemmer!

Rønnaug S. sa...

Håper dere har det strålende. Her nyter vi stadige vårtegn i sol som varmer :)

Har en overraskelse til deg i bloggen min :)

Related Posts with Thumbnails