måndag 5. april 2010

Snøklokkeutsikt, og litt panikk

Det er siste dag av påskehelga, og ute skin sola som berre det. Me i Rosaheimen skal berre få oss litt brunch før me finn fram syklar og hjelmar, og tek turen til "sentrum" i bygda, så ungane kan sykle fritt, og kanskje finne eit par leikekameratar. Trur faktisk eg skal ta med meg ei kanne kaffi òg på turen, og nyte vårsol og varme.

Me kom heim etter ein liten påsketur til svigers igår, og det var der eg tok biletet over, med snøklokker i framgrunnen og utsikten mot Osterøybrua i bakgrunnen. Biletet vart teke påskeaftan, då me hadde fantastisk vårsol, og tilbragte mange timar ute i godt selskap.

Vel heime har plutseleg fleire ting slått inn i hovudet mitt med stor kraft. Som at det no er 4 dagar til me reiser til New York, og at dei fire dagane går farleg fort! Og at me samtidig antakeleg skal flytte opp til mor og far, sidan (forhåpentlegvis) arbeidsfolk skal innta heimen vår medan me er vekke, og sette igang riving av diverse veggar som vart vannskada. Framleis veit me ikkje heilt når, og me veit heller ikkje kor mykje me faktisk må pakke. Held det med "lausøyre", eller skal huset tømmast? Imorgon lyt me få svar på både det eine og det andre, for dagane spring verkeleg ifrå oss her, føler eg.

Håpar du der ute har ein vakker 2. påskedag, og har hatt gode dagar med vener og familie!

5 kommentarer:

Gamleheksa sa...

Solskinnshilsen fra Toten i dag!Her er det dårlig med vårblomster foreløpig.

igi sa...

Et nydelig vårbilde!
Forstår godt at du er litt stressa. Både NY tur og riving på samme tid er nok til å gjøre noen og en hver urolig.
Ta med deg bare det mest nødvendige på turen - kjøp reseten av det du trenger ;-)

Klem igi

Rønnaug S. sa...

Ååååå. Så nydelig våren er!!! Kjempekoselige bilder du har tatt og redigert. Har kost meg med bloggen din nå. Etter nesten ei uke på fjellet uten tilgang var det litt abstinenser her. Og sannelig lå det ikke en hel del ting på pulten som bare MÅ være gjort i dag. Hvor blei alle dagene av????

Vi snakkes i morra, regner jeg med :)

rod i hob sa...

Nydelig bilde!!

Blir spennande å høyra fortsettelsen ;-)

Å ikkje minst få nyhetene om New York turen!!

Gamleheksa sa...

Stikker bare innom for å si : GOD TUR! Hils til han som blir "gammel" på turen :)

Related Posts with Thumbnails