laurdag 17. april 2010

Reisebrev frå New York - St. John the Divine

Eit av punkta på "vil sjå"-lista mi for New York var katedralen St. John the Divine. Det er den største kyrkja i gotisk stil i heile verda, og den har like stort areal som to amerikanske fotballbaner.

Å komma inn her var "breathtaking", som det heiter på godt norsk. Ei enorm takhøgd, så vanvittig langt fram til alteret, og så mange detaljar at ein kunne gå rundt og rundt og stadig oppdage noko nytt.

Rett innom døra var det mogleg å tenne lys, som kunne kjøpast for ein slant i "publikums-senteret" ved inngangen. Då eg kom inn var det eit jentekor og eit janitsjar-skulekorps som hadde konsert for turistar og sine eigne medbrakte tilhøyrarar. Vakker stemning!

Byggestart for kyrkja var i 1892, og den er framleis "under construction". Rundt koret i kyrkja (altså den delen av kyrkjerommet som heiter koret, ikkje dei syngande jentene frå Chicago), låg det 4-5 små kapell, med kvar sine vakre utformingar, tileigna ulike helgenar, og donert frå ulike velståande familiar i New York si historie. Hovudorgelet er enormt, med over 8000 piper, og over alt er det fantastiske glasmåleri/glasmosaikk. Vil du lese meir om Cathedral Church of St. John the Divine, finn du ei eiga heimeside her.




















5 kommentarer:

einar sa...

Skikkeleg flotte bilete. Desse, saman med det faktum at yngstejenta vår nettopp har vore der, gjer at eg kjenner på meg at byen er verdt eit besøk.

igi sa...

Det er kjempe gøy å følge med på reisebrevene dine! Kos deg i det store utland.
Klem Igi

Gamleheksa sa...

Fantastisk!!! Takk for at du deler.

Lykke til med turen hjemover.

MusMei sa...

Nydelig! Kan tenke meg at det var spesielt å være der! Fortsatt god søndag.
Hilde

Rønnaug S. sa...

Oy!! Den der var jo av det digre slaget. Fantastisk! Ante ikke at det finnes sånne ting "over there". Men det er jo en god del ting eg ikke har fått med meg ;)

Velkommen heim att! Håper det går greit :)

Related Posts with Thumbnails