torsdag 15. april 2010

Reisebrev frå New York - del 2

Dag 2 i New York brukte me til ein ny busstur med guide, denne gongen på øvre del av Manhattan. Her hoppa me av på naturhistorisk museum, og deretter på The Met (Metropolitan Museum of Art). Fantastiske museum, begge to, og ein kunne nok brukt både ein og to dagar på kvart av dei om ein verkeleg skulle få med seg alt. Me brukte eit par timar..... Etter the Met me rusla me gjennom parken tilbake til hotellet, og der var det eit yrande liv. Det var sundag ettermiddag i godt vèr, og folk overalt! (hugs at alle bileta vert større om du klikkar på dei)
---------------------------------

Vakre tulipanar midt i byen
Levande musikk, ved ingangen til Central Park
Naturhistorisk musem.

Fantastiske utstillingar, med slik djupn at ein nesten følte ein gjekk inn i det gamle Egypt.
Dinosaurar i alle former og størrelsar..
Rosamannen vart litt liten attmed ein T-Rex.
Ein armensk prest frå tidlege tider.
Mannens absolutte favoritt: Blåkvalen. Eit enormt vesen, som sveva i det store rommet.

Duke Ellington står og heng ved flygelet på det nord-austlege hjørna av Central park.

Metropolitan Museum of Art. Gedigent, også det.

Frå det gamle Egypt.

Denne kunne ein sjølvsagt gå inn i. Den stod inni ein stor hall.

Med glasstak vart det fantastisk lys inni eindel av dei store hallane.
Ein bygningsfasade i fullformat - inni musèet.

me måtte sjølvsagt få med oss utstillinga med gamle og nye musikkinstrument. Eg har aldri sett det før, men dette er altså eit "dobbel bell" bass-flygelhorn. Knallkult!
Tilbake i Central Park var det tromme-jam, der den eine etter den andre lot seg rive med på "dansegolvet".
Desse to "husdyra" høyrde til......

....denne fargerike fyren, som tok heilt av.
Fantastisk underhaldande, med klesbyte undervegs.

Rett bortanfor var det diskomusikk, og dei fleste dansa med rulleskøyter på beina.
Denne doningen tilhøyrde nokon av dei.
Rulleskøytedisco.

Det vert nok reisebrev også etter me har komme heimatt, for eg har så mykje bilder eg må dele med dykk, som eg ikkje rekk medan me er her. No er det jo litt spenning mtp heimreisa også, sidan Island har sendt ei aldri så lita oskesky inn over Noreg og Europa. Jens sitt stuck her i NYC, men me får jo håpe og tru at skya har løyst seg opp til sundag ettermiddag/natt til mandag!
And this concludes today's report from The big apple :)

4 kommentarer:

KRISTIN sa...

Så kjekt å lese reisebreva dine!! Ser ut som de har hatt ein flott tur så langt. Deilig å vera berre de to også, kan eg tenke meg - sjølv om de sikkert saknar dei to små tuppene heime.
Artig å sjå på bildene dine også - det ser ut til at det er nok å ta seg til der borte. Ei veke er nok ikkje nok, eller?

Kos deko vidare. Klem!

Gamleheksa sa...

Kjempeflotte bilder her altså. Reine turistbrosjyra. Koser meg og leser.

Rønnaug S. sa...

Kan tenke meg at det fins flere bilder å se, ja. Kjempekekt å få se noe av det dere holder på med/ nyter ;)

Jens har vistnok kommet seg til Europa, så vi får håpe dere ogsa når fram uten store forsinkelser. Nyt de siste dagene :)

Ingrid sa...

Det må vere litt av ein tur de er på. Masse flotte bilder.

Related Posts with Thumbnails