måndag 12. april 2010

Reisebrev frå New York - del 1

This is Rosa calling, from the Big Apple!

Neidå, fullt så gale er det ikkje, at eg må skrive på engelsk. men her kjem altså eit aldri så lite ras av bilder frå det fyrste døgnet her i NYC. No er det måndag morgon, og me har hatt ei aldeles fantastisk helg i storbyen. Den fyrste morgonen vakna me grytidleg, lokal tid, og tok ein tur i Central Park før frokost. Der fekk me med oss soloppgangen og litt dyreliv, som dei øverste bileta viser. Sidan var me ein tur på Apple Store, og kjøpte det nye vidunderet til Apple: iPad. Ei knallkul lita "fjøl" som eg og mannen nok skal dele på ;)

Midt i bildene ser du ei kyrkje, før me havnar høgt oppe - på toppen av Rockefeller Center. Der såg me bort på Empire State Building, og ned på alt anna. Den før nevnte kyrkja vart bittelita!

Ein sightseeingbuss tok oss til West Village, der me tok ein aldri så liten utepils før eit par timars vandring i Chinatown. Der var det eit yrande liv, levande musikk og kinesarar som tilbrakte laurdag ettermiddag med brettspel og sosialt samvær.

Dette vart veldig kort referert, men eg er nesten tom for batteri på laptop'en, og den må vente på tur for å bli lada. Frokost-tid, og så er det tid for nye eventyr!

See ya'!









































6 kommentarer:

rod i hob sa...

Å kor fantastisk då :-)

Masse flotte bilder!! Når du kjeme heim trur eg du må læra meg den der som du legge oppå bildene dine...

Ser ut som om dåkke har nydelig ver. De har me heldigvis "her heima" og :-)

Nå ska eg ut å prøva meg i solå -viss ikkje røyken frå naboen si bålbrenning kvele meg...

Kos dåkke suuuupermasse!!

Husk å nyta kverandre og!!

Klem

Gamleheksa sa...

Wow, plutselig var "hele" New York inne på kjøkkenet mitt. Takk for fantastisk titt så langt. Kos deg mens Rosamannen kurser seg.

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Å så kjekt. Jag hoppas ni har det helt underbart!
Och så längtar jag lite extra till eget besök i NY... :-)

Ha det fint!

Trollkåno sa...

Å, so flotte bilder.......
"Eia var me der...."

Rønnaug S. sa...

Sier det idjen, eg. Dette ser virkelig flott ut! Kos dere videre. Vi nyter vårsola.

Nå skal eg straks på møte i referansegruppa for kyrkesenteret. Spennede! Skal sørge for at vi får et stooooort rom til Berta og Bertine ;)

Torilpia sa...

Så herlige bilder .. kos dere masse :o)

Klem!

Related Posts with Thumbnails