torsdag 29. april 2010

Manhattan skyline - by day

Så er eg her igjen, med eit lite pip frå det rosa universet, der det føles som det eigentleg har storma uavbrote siste 2 veker. Altså, det er ikkje noko dramatisk, berre så mykje som skjer, som krever oppmerksomheit og krefter. Eg har eit håp om at frå og med denne helga skal det roe seg. Tida vil vise om eg har rett.


Ikveld vil eg vise deg nokre bilete eg tok for nøyaktig 2 veker sidan i New York. Denne dagen fylgde eg rosamannen til skulen - Stevens Institute of Technology som ligg i New Jersey. Det var eit heilt fantastisk vèr denne dagen, og då me gjekk frå Path'en (ein undergrunnsbane som var ei slags hovudfartsåre gjennom delar av Manhattan og under Hudson River) sto the Manhattan skyline og lyste mot oss, i morgonsol og med ein lett dis over Hudson River. Fantastisk vakkert!

Der på morgonkvisten utforska eg ein liten del av anlegget som høyrer til Stevens, og her var det vakre små plassar der ein kunne sitte og nyte utsikta og vårdagen. Denne dagen var det stundevis vel varmt å sitte i sola, sjølv i skjørt og singlet!

Den som er filmglad har kanskje sett ein logo og eit navn som heiter Castlepoint Productions? Bilde nr 2 og 3 er Castlepoint on Hudson. Ganske kult!
Sidan uret no har tippa midnatt, kan eg like godt ynskje alle ei retteleg GOD HELG! Eg kjem plutseleg innom til deg! :)


















7 kommentarer:

Gamleheksa sa...

Det er så flott. Det må være som en drøm å få oppleve alt dette.

Gratulerer med ipad'n. Det så ut som den var foretaksom, hehe. Man venner seg vel til det også, men den er sikkert like dårlig på å skrive nynorsk som jeg er. Min unnskyldning er bare at jeg ikke har praktisert på 30 år, ikke at jeg er født i Amerika ;)

Går det bra med hus-fiksinga?
God helg.

Annika sa...

Utruleg mange flotte bilder! For ein opplevelse de må ha hatt! Kjenner eg blir ganske misunnleg når eg ser bilda...

No er det heldigvis fredag, og snart helg her også:)

Kos deg på fridagen, og god helg!!:)

Nikoline sa...

Sukk hjerte,men brist ikkje....
tenk at eg har "plaska" på Hudson... ja,ikkje akkurat plaska i elva då,men i båt...
Og om eg lengtar tilbake - ?
... KVAR DAG...
Riktig god helg til deg og dine, godt de kom dekan heim att i tide:0)

igi sa...

Så koselig med livsstegn fra deg! Mange flotte bilder - som alltid!
Håper du får en fin helg.
Klem Igi

Annika sa...

Kjekt å sjå deg innom bloggen min att! Tusen takk for kjekke kommentarar.

Konsertbilda:
Kjempekjekt å få øve seg på mange konsertar på Sjøborg.

Tenkte ikkje på at det var slekta di når eg la ut bilda. Sølve er kjempeflink, og Vetle også. Dei spelte begge to den kvelden, i kvar sitt band :) Vetle og bandet varma opp for Sølve og bandet! Vetle er han i raudt, på bilde nr 2. Fleire bilder på facebook, forresten. Til hausten skal Sølve vere med i TenSing Norway.

Kokken og handymannen min:
Tre år var ikkje noko stress, vi tek sikte på nokre hundre til, helsing min kjære;)

Skal ta godt vare på han ja, ver du sikker :)

KRISTIN sa...

Åååååå - så utruleg mange flotte bilder!! Nr. 3 var vakkert og nr. 4 var nydeleg! Velkomponert og flott!! Skulle gjerne vore der ein tur, i The Big Apple!! Sukk!!

Tusen takk for kjempehyggeleg helsing inne hos meg! Kjekt du har nette av å lese bloggen min!! : )
Fann du forresten awarden som er til deg, inne hjå meg?

Håpar de får ei rolseg og solfylt helg!! Klem!

KRISTIN sa...

Ojoj...Her vart det masse skrivefeil gitt. Det skulle stå:

Ønsker dere en roleg helg....
Og nette?! Hallo ? Nytning skulle det vera!! Ja, ja, fort og gale vart det visst!!

Klem!!

Related Posts with Thumbnails