laurdag 24. april 2010

Det står til liv!

Meir enn ei veke har gått sidan forrige innlegg. To veker, nei... tre?... veker har gått sidan sist eg skreiv ein kommentar til nokon i bloggeverda. Slik vart det, med pakking, flytting, og ikkje minst den lange Amerika-reisa.

Heimvegen vart jo litt meir spanande enn me hadde tenkt, med oskeskyer i kø frå våre grannar i vest. Utruleg nok kom me med akurat det flyet me skulle over Atlanterhavet, og derifrå var det berre nokre ekstra timar venting på Arlanda og Gardermoen før me kom heim. 9 timar forsinkelse er jo ingenting i desse dagar! (og så tenkjer me med lettelse på at dersom me ikkje hadde komme oss med dette flyet, så hadde me vore der borte endå, og i kanskje ei veke til. DET hadde nok vorte i tøffaste laget, både på eine og andre måten). Då me flaug tvers over Island på heimvegen, og fekk turbulens, tenkte eg at min siste time var komen, men det gjekk faktisk bra, det òg. No har eg lova meg sjølv å ikkje fly på heil stund!!


Her heime har det gått i eitt bankande heile veka, med ein kjekk kveld på jobb, øvingar i fleng, speling i bryllup, og seinast idag, marknad med musikklaget i grendahuset i bygda. Datatrøbbel har eg òg hatt, så eg har verken fått lagt inn eller lagt ut meir bilder frå turen vår. Over er ein montasje eg laga etter me var på Blue Note Jazzclub og høyrde på musikarane som er avbilda; Kenny Werner, John Pattituci, Randy Brecker, David Sanchez og Antonio Sanchez. Store namn innanfor jazzen, og bassisten Pattituci er ein av Rosamannen sine store heltar. Før konserten byrja fekk han faktisk helsa på den smilande musikaren! Dette var saman med eit herremåltid på den samme jazzklubben feiringa av Rosamannen sin 30 års-dag, som passande nok var midt i opphaldet vårt i New York.

Eg har som mål å komma innom bloggane dykkar i nær framtid, og eg håpar de framleis er innom meg, sjølv om det har vorte langt mellom innlegga.

Ynskjer dykk ei god veke!

5 kommentarer:

KRISTIN sa...

Velkommen heim att, får eg sei då!!
Det ligg ein award og venter på deg inne hos meg - du får sjå litt nedover på bloggen, for det er nokre innlegg sidan!!

Høyres ut som 30-års dagen vart flott, du! Med jazz og møte med ein av heltane;ikjje verst.
Ellers hadde de no flaks med at det flyet de skulle ta gjekk når det skulle. Far min fekk 5 ekstra dager på ein 2 vekers ferie i Dubai!!

Ha ein god dag! Klem!

DUNNISMoR sa...

Hei!
Velkomen heim att!
Høyrest ut som det har hatt ei fin og opplevelsesrik feiring av Rosamannen borte i Amerika, og eg gler meg til å få høyre meir om resten av turen og til å få sjå fleire bilete:)

Henriette sa...

Velkommen heim!!!!!!!
Har vore spnt på om de sat og venta på ein flyplass i det store utland. Godt å høyra at det gjekk så greit. (Bortsett frå turbulensen over Island. Min DJUPASTE sympati der. Trur eg anar litt om korleis du hadde det. ANGST!!!)

Ha ein flott ettermiddag.
Klem♥

Gamleheksa sa...

Velkommen hjem. Jeg hadde jo sjekket med ho mor sjølv, så jeg visste dere var vel tilbake i gamlelandet. Det må man kalle en stor porsjon flaks :)
Det var litt av en måte å feire 30 årsdagen på, noe bedre er vel neppe å oppdrive. Så da er det vel gjort.

Annika sa...

Hei!

Av ein eller annan grunn har ikkje eg observert oppdateringa på bloggen din, på lista mi, og dermed gått glipp av dette innlegget, til no.

Kan tenke meg det er hektiske dagar, men også godt å vere heime, etter USA-turen. Godt dokke kom dokke med rett fly!

Ynskjer dokke ei fin helg, håper alt går etter planen i huset!

Klem, Annika

Related Posts with Thumbnails