fredag 2. april 2010

Den fyrste vårblomen - God Påske!

Igår, då me kom til svigers på påske, fann Storesyster ein bitteliten vårblom som straks måtte forærast bestemora. Heime hjå oss er det ikkje komme så langt endå, men her er det altså vår! Dvs: idag har her vore både regn, snøfiller og ei skikkeleg hagl-byge, så vårkjensla er ikkje heilt på topp.

No kjenner me lukta av pinnekjøt og kålrabistappe, og magen er heilt klar for eit godt måltid i selskap med heile svigerfamilien!

Om du er innom, så legg gjerne igjen eit ord ;) Med så mange besøk på teljaren hadde det jo vore knallkjekt om ein liten prosent av dei la att eit lite "hei" òg!
Eg ynskjer deg der ute ei retteleg god påske vidare!

4 kommentarer:

Annika sa...

God påske til dokke alle i Rosaheimen! Her er heldigvis vårleg no, og eg håper verkleg det held seg slik. Og håper våren kjem til dokke også på ordentleg.

Anonym sa...

Heia!

Fortsatt god påske te dåkke i Rosaheimen!! Her he de våre fantastisk fint ver i dag! Å me he våre ute på jakt ette påskeharen i dag! Fant ikkje han, -men hadde skattekart å fant heldigvis premien han hadde gjemt! He tenkt å blogga om det .... Snart?!

Nyt fortsatt dagane!!

Klem frå rodihob

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Å så underbart. Vilket härligt vårtecken!

Hoppas du har en riktigt fin påskehelg. Ha det fint!

Alle oss sa...

Hei

Fin blogg :-)

Et slikt vårtegn er vakkert etter en vinter med mye snø! Nå fikk jeg lyst på pinnekjøtt og en mørk øl!

Related Posts with Thumbnails