onsdag 31. mars 2010

Surprise!

Ei litt trøtt Rosamor måtte gni seg i augene då ho syns det hang noko rosa på eine stolpen på trappa vår idag tidleg. Det viste seg å vere ei påskehelsing frå naboen vår, som skulle reise til Sverige for m.a. å feire påske, og vert borte i heile 4 veker! På kortet stod det at dei hadde sett påskeharen i hagen vår, og då eg las det for Storesyster var ho på badet og kledde på seg før eg fekk sukk for meg. Med mor på slep leita ho hagen rundt, og fekk lønn for strev: Eit stort, RÅÅÅSA påskeegg, fyllt med gode saker. Ungane smilte breidt for innhaldet, mor smilte minst like breidt for omtanken og overraskinga!

Men dagen vart endå meir rosa, då Storesyster fekk seg ny sykkel. Ho har hatt ein bitteliten ein, og då me for nokre dagar sidan tok den ut frå vinterdvalen viste det seg i eit augnekast at her måtte noko gjerast. Idag heiv me oss rundt, og kjøpte av alle ting ny sykkel på Coop Xtra. Etter litt tilvenning syklar ho mykje betre på denne enn på minisykkelen. Vetlesyster syns òg det var stor stas, for Rosamannen monterte på att støttehjula, og vips hadde også ho fått nytt framkomstmiddel, som ho meistra iløpet av få minuttar. No kan våren og sommaren berre komme!

Imorgon tek me turen til svigers, og har litt påskeferie der. Laptop'en vert nok med på turen ;)


PS: Har du tips til meg om New York, blir eg superglad om du skriv ein liten kommentar til meg under dette innlegget. 9 dagar att! :D

3 kommentarer:

Anne sa...

Så koselig overaskelse båe for mor og barn! Kjekt med gode naboer:)
God påske:)

Trollkåno sa...

Det var ei kjekk overrasking...frå ein særdeles kjekk nabo.
No MÅ våren vere komen...når jentene er ute og syklar.......
God påsketur, so treffest me sundag!

Gamleheksa sa...

Heldige og herlige sykkelprinsesser. Her er det lite som frister til sykling :(

Når det gjelder The Big Apple, så er jeg helt blank og har lite å anbefale. Har bare fløyet over der i mørke og sett at det er stort, men det er det hele :) Regner med at jeg skal lære litt om byen når du har vært der.

Related Posts with Thumbnails