torsdag 4. mars 2010

På swingande Stilett!

Litt reklame må jo bere lov i bloggen. Og ikveld reklamerer eg for storprosjektet som munnar ut i ei forestilling neste laurdag, 13. mars, med korpset mitt og eit vokalensemble frå hovudstaden. Ei av dei dyktige damene her er mi gode veninne frå gymnastida, og no jobbar me altså saman om forestillinga "På swingande Stilett". Bakgrunnen på plakaten (over) er den damene brukar til vanleg, så eg har berre moderert litt hist og her, og smelt på nokre brass-instrument som sjølvsagt representerer korpset. Ein tenkjer nok ikkje over det utan at ein har gjort det sjølv, men det er uhorveleg mange små trådar som skal samlast i forkant av eit slik arrangement! Sponsing, lyd, lys, annonsering, vikarar, musikkvalg, lokaler, dugnadsinnsats og innkjøp m.m. Eg håpar me har kontroll på dei fleste når dørene opnar kl 19.30 laurdag kveld! Skulle du vere i nærleiken, eller skulle du ha lyst til å få servert tekstar med snert og swingande rytmar, kanskje med noko godt i glaset, så nøl ikkje med å legga turen til Dale og Dalehallen!
Og - når trådane er samla, publikum kjem, og musikken er igang - DÅ er det kjekt å vere arrangør, då :)

6 kommentarer:

KRISTIN sa...

Hei!!
Først: Så artig mars-sida i kalenderen var!! Ei søt Pippi-storesyster!! Og Vetlesyster på ski var np så bedårande!!

Og så: Masse lykke til med arrangement i helga. Hørtes spennande og fengande ut.

Klem!

Gamleheksa sa...

Vegen blir nok for lang, men jeg ønsker dere LYKKE TIL!

Patina-H sa...

Dette gledar me oss til :)

Trollkåno sa...

Ja, detta vert kjekt!
Gler meg, eg òg!

Lottas Himmelrom sa...

Så moro æ:)
Senga skal være blå vet du..Har ikke hjerte til å male den.
Ønsker deg en herlig helg!!!

Klemmer

Torilpia sa...

Blir nok et spennende arrangement .. lykke til :o)

Søt pippi og ski-prinsesse :o)

Ha en flott søndag og ei super ny uke :o)

Related Posts with Thumbnails