tysdag 9. mars 2010

Om nøyaktig 1 mnd

....landar eg og min kjære på Newark flyplass i New York. Tenk det!!
Reisefeber, som me har brukt til å booke turen, sendte oss ein mail idag, med ein knallfin guide til byen. No har eg skumma den, og gler meg endå meir enn før!

(biletet er lånt frå ein bloggar som har funne det ein annan stad på verdsveven ;) )
Min kjære fyller jo 30 år medan me er der, og planen for feiringa er meir eller mindre klar oppi hovudet mitt. Så får eg berre håpe at eg får til det eg har tenkt for oss....

Imellomtida har me drøyt 4 travle veker framfor oss, og den me er godt igang med no er nok den travlaste. Mykje som skjer på jobb, og mykje som skjer med det før omtalte Stilett-prosjektet. Innimellom dette må me jo ta oss av sjuke ungar (og kryssar alt som kryssast kan for at det ikkje er omgangssjuke som er på veg inn i heimen, når storesyster ikveld var heilt ute av slag!), og ta imot diverse folk som skal hjelpe oss med å få bukt med vasslekkasjen i huset og alle skadane den har medført. Heldigvis ser alt ut til å gå vår veg, og det er ein enorm lettelse, sjølv om det heilt klart vert nokre praktiske utfordringar utover våren :)

Eit rote-innlegg om alt og ingenting ikveld, og det er nøyaktig slik hovudet mitt fungerer for tida. Som Odd Nordstoga seier: "alt for mange lause ting,........ alt for mykji tenkje på"!

tudelu!

3 kommentarer:

Trollkåno sa...

Spennande tider.....både på den eine og andre måten.......vert nok bra til slutt..

Annika sa...

Syns det var kjekt med eit "roteinnlegg" eg :)

Misunner dokke NY-turen ja. Det blir nok knallstas!

Lykke til med Stilett-prosjektet, og alt anna prosjekt :)

Eg gler meg til vår, og roligare tider!! Lite blogging for tida...

KRISTIN sa...

Forstår godt at de gler deko til turen - og etter alle husproblem og sjukdom som Rosa-heimen har hatt i vinter, så fortjener de verkeleg ein knallflott tur!!

Klem!! ♥

Related Posts with Thumbnails