måndag 29. mars 2010

Milepæl!

Igår nådde me ein milepæl i Rosaheimen; Det er ingen tvil lenger - me har ei stor jente i hus! Igår mista ho nemleg si fyrste tann!
Seinast tysdag kveld var ho blank i blikket og lei seg fordi ho var den einaste av jamnaldringane som framleis hadde alle tenner på plass. Dagen etterpå var ho som sjølvaste sola då eg henta ho i barnehagen - tanna var laus! Resten av veka har tanna fått prøvd seg mot knallhard riksling og røsking, men ho haldt stand.

Ikkje før vetlesyster igår slengte ifrå seg eit høgst ureglementert spark mot ansiktet til Storesyster måtte den gje tapt. Og det gjorde den så til dei grader! Med eit lite gisp fastslo jenta at tanna var ute, og det samme høyrde me ho landa på kjøkkengolvet. Foten traff ikkje særleg hardt, men til gjengjeld svært godt, for tanna fòr som eit prosjektil, og gjorde at me måtte på kne alle mann for å leite etter den. Til slutt dukka den heldigvis opp, slik at den kunne leggjast i trygg forvaring i eit glas vatn til natta kom.

Iløpet av natta har sjølvsagt tannfeen vore på plass, og tanna var bytta ut med ein skinande blank mynt! O lukke!! Og den vesle tanna, den lyt nok "tannfeen" gøyme på i det vesle sylvskrinet jenta fekk til dåpen for meir enn 5 år sidan, der det står "Min første melketann".

7 kommentarer:

KRISTIN sa...

Ja, kva har man veslesystre til, om ikkje dei skal hjelpa til med å sparke(!) ut melketennene? Det var no godt det gjekk bra med resten av tanngarden, og ansiktet - og at det berre var den tanna som skulle ut som for langs golvet. Så grattis med stor jente!! Ho såg stolt ut!!

Og tusen takk for koselige helsingar hos meg!! Var ganske sliten etter baking og besøk i går ja, så rydding og støvsuging av kakesmular vart utsatt til i dag. Men me kosa oss.

Når me kjem vestover (til sentrale strok!!) i sommar skal eg heller gje ein lyd, då skal me køyre, og også stoppa på Voss på vegen, hvis alt går etter planen, og kanskje ete på Stasjonen, tippar eg. Så kanskje ein kopp kaffe då?!

Fortsatt god påske! Klem!!

Trollkåno sa...

Veslesyster skjønte sjølvsagt det.....at tanna MÅTTE ut.......høyrest unekteleg litt dramatisk ut, men godt det gjekk bra....

Annika sa...

Å hjelpes, det hørtes no litt skummelt ut, men godt storejenta syns det var berre stas, og det gikk fint!

Gamleheksa sa...

Ja, det var jammen måten sin å trekke tenner på :) Skal se at lillesøster blir tannlege med tida, hehe. Det er jammen stort når første tanna forsvinner, nesten litt magisk.

Rønnaug S. sa...

Heisann. Det får en si var litt av en måte å få tanna ut på. Så kjekt, da. At den er ute, mener jeg.

Her går det i 100. Ungene koser seg, og det gjør sannelig vi også.

Nå må jeg en tur innom jobbserveren, det dukker alltids opp noe som ikke er gjort og som må gjøres...

Nyt dagene og GOD PÅSKE!!

Rønnaug S. sa...

He, he. I det jeg klikka på send kommentar kom Guro springende: Mor, jeg mista tanna!

(Og i helga blei Kristian også ei tann fattigere...)

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Tittar in och önskar dig en riktigt Glad Påsk! Snart packar vi väskorna och drar hem till Sverige på långweekend.

Och vad spännande att miste första tanden. Härlig bilde!

Stort tack för din snälla hälsning om vår hall.

Ha det fint!

Related Posts with Thumbnails