onsdag 24. mars 2010

Kreativ jobb

Idag bloggar eg rett og slett om jobben min. Eg er tilsett i "Kyrkja, Den norske", i prinsippet som sekretær. Og for all del, eg gjer ein god del sekretærarbeid, med referat, arkivering, faktura-arbeid osv. Men i tillegg får eg gjere så mykje anna!

Ganske mykje av det handlar faktisk om kreativitet, når me skal sende ut invitasjonar til våre T-dagar. T-dagane er ein del av den store trusopplæringssatsinga på landsbasis, som kom som ein fylgje av at kristendomsundervisninga i si opprinnelege form gjekk ut av grunnskulen. Voss har vore med heilt frå den tidlege prosjektfasen, og har som mål å utvikle årlege T-dagar (trusopplæringsdagar) for kvart alderstrinn frå 0 - 18 år.

Då me starta opp prosjektet vart ein designar hyrt inn for å lage invitasjonar, logo osv som etterkvart har vorte eit slags varemerke for T-dagane i vossakyrkjene. Ho laga dei 5-6 invitasjonane til T-dagane som har vore med frå byrjinga, men i det siste har det kome til fleire nye T-dagar, og designaren har flytta på seg. Eg har etterkvart fått god trening i å redigere i dei invitasjonane ho hadde laga, og har med stor glede teke fatt på utfordringa med å lage nye invitasjonar i samme stil. Dei vert laga i "CD-cover-format", så det du ser på øverste bildet er framsida (til høgre) og baksida (til venstre). Under er innsida av invitasjonen eg gjorde ferdig idag. Dvs - ferdig, om ikkje prosjektleiaren eller andre på kontoret har ankepunkt og endringsforslag på ting eg har sett meg blind på ;)


Når eg har laga denne invitasjonen har eg brukt eindel av elementa som designaren laga for fire år sidan, men denne gongen har eg i større grad enn før klart å lage eigne element i Adobe Illustrator. Dette er som fleire av adobe-programma enormt stort og fullt av moglegheiter, og det tek tid å lære seg korleis ting fungerer når ein skal finne ut av alt sjølv. Men - øving gjer som sagt meister, og sjølv om eg endå er på eit svært tidleg stadie i den prosessen, så har eg t.d. laga engelen, vin-kalken og brøda på invitasjonen i Illustrator. Tenk så heldig eg er, som får lov til å "leike" meg slik i beste arbeidstid!!
Imorgon startar den ikkje fullt så kreative delen, med printing, kutting, bretting og pakking av ca 130 invitasjonar. Og så får me håpa mange 7-åringar vert inspirerte til å delta i påskevandringa dei vert inviterte til om ca 2 veker.

6 kommentarer:

Annika sa...

Så flink du er! Eg skulle ønske eg også kunne å bruke desse programma! Eg har ikkje heilt tolmod til å lære meg det heilt utan nokon å spør, men, kanskje ein gong!

Gamleheksa sa...

Jammen er du rett dame på rett plass! Kjempeflott altså.

Elisabeth Antonette sa...

Invitasjonene ser kjempebra ut! Heldige barn som får en slik i posten. :o)

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Så kjekt att få vara lite kreativ på jobbet. :-)

Ha det fint!

Heidi {FruFly} sa...

Så utrolig gøy! Og så flink du er! Jeg kjenner ikke Illustrator, men har utrolig lyst å prøve. Men den er vel sikker dyr, som Photoshop? God helg til deg og dine:) KLem H

Annika sa...

Ja, eg tek også fri onsdag, om alt går etter planen :)

Høyrte på radioen i dag frå Vossajazz, og tenkte på dokke. Blei litt frista til tandemkonsert, men det må bli ein annan gong.

GOD HELG!

Related Posts with Thumbnails