torsdag 18. mars 2010

Ei veke

Ei veke går frykteleg fort. Spesiellt veker som er fyllte med mykje aktivitet både i heimen og på jobb. Helga forsvann med eit svisj, og laurdag kveld vart endå betre enn eg hadde håpa. Etter forestillinga med Stilett-damene og musikklaget stod publikum på siste låta, og me måtte dra heile to ekstranummer. Slikt er ikkje kvardagskost for ein korpsmusikant! Etterpå var det berre lovord å høyra, både frå kjende og framande, og ikkje minst frå lokalpressa nokre dagar seinare. Med slik respons kjenner ein verkeleg at det var verd strevet! Det øverste biletet er litt mørkt, men eg måtte berre ta det med. Eg var nemleg så heldig å få spele flygelhorn saman med Stilett-damene på ei herleg melankolsk og vakker låt om 20 års reunion for ungdomsskulen. Veldig kjekt! Bileta frå konserten er tekne av ein lokal amatørfotograf med knallplassering i salen, som trass vanskelege lysforhold fekk til nokre fine blinkskot :) Eg har fått løyve til å bruke dei ;)




Imorgon har eg fri-fredag etter ei intens jobbeveke, og dagen skal brukast til å pakke ting og tang i huset vårt ned i kassar. Kanskje vert det siste helga på ei lang stund me kan nyte i huset vårt? Kvifor skal eg skrive meir om ein annan dag. No skal eg ta ein sterkt etterlengta rundtur i bloggverda, og sjå kva andre har helde seg opptekne med siste veka.

8 kommentarer:

Annika sa...

Ah, så kjekt med ei oppdatering frå din kant! Har forstått du har hatt ei hektisk veke ja!

Kjempeflott at korpsprosjektet blei vellukka. Når kjem de til Sjøborg? ;)

God fri-fredag! Her i huset er det mannen som har fri. Satsar på tipp-topp-shina hus til helga når eg kjem frå jobb ;)

rod i hob sa...

Så koselig å "sjå" deg igjen!! På en måte godt å høyra at de ikkje bare e meg som har det travelt!

Må seg eg misunne deg den fri-fredagen litt altså :-) Nyt den! Eg har fri mandagar... Men kan ikkje akkurat rydda å vaska te bursdagsfest lørdag på mandag!!

Bokå va ganske sjønne... Den hette: Prinsessens kokebok og har ISBN nr 978-82-04-11770-0 om du er interessert i å spora den opp.

Eg har lånt "mi" av ei venninne si dotter!!

God helg til dåkke i Rosa- heimen!!

Trollkåno sa...

Ein super kveld var det, ja.......
nyt fridagen i morgon (med pakking)

Lottas Himmelrom sa...

Innom med en nattaklem:)Ser du skal til NY! Helt fantastisk herlig by. Har vært der 3 ganger:)New Jersey er også knall. Der er det ikke så mye tax om du skal shoppe mye;) Newark er også en veldig ok flyplass:) 5-6 min unna ligger det et kjempefint shoppingsenter Jersey Gardens

http://www.jerseygardens.com/index.cfm

Heldige du! Vi håper på masse penger igjen på skatten så vi kan dra til California til jul..
*Drømme*

Nattaklem

KRISTIN sa...

Hei!!
Så koselig og lang kommentar eg fekk av deg - tusen takk!! Og kjekt å lese at forestillinga gjekk supert. Slikt er moro å vera med på.

Du får ha lykke til med pakking, då - så lurar eg jo litt på kvifor de må pakke. Har det kanskje med vannskadene å gjere?! Uansett; ha ein fin dag! Klem!

Rønnaug S. sa...

Svev litt på den skya. Veit at jeg gikk glipp av noe den kvelden.

Og lykke til med pakkinga! GOd helg!! Klem

Gamleheksa sa...

Leste hos Trollkonå at konserten var en suksess, men noe annet ville hun vel ikke skrive ;) Huff, den var frekk. Kjempeartig at det går bra når man har så mye jobb med det.

Lykke til med husreparering! Det blir godt å få det ut av verden.

Nikoline sa...

Går utifrå at det kjem handverkarar som skal rep. etter vannlekasjen, eller...? Kanskje dei tek heile taket av huset... tja,ikkje godt å veta. Men kor skal de gjera av dekan då? Bu på hotell? No nermar det seg amerikatur så då vert det vel hotell uansett. Tenk litt på meg når du er på flyplassen... der har eg trakka rundt og hadde ikkje lyst heim att eit sekund!!! Me hadde avreise frå Newark. ÅÅÅ,fy SØREN kor eg misunar deg!!!!(men glad på dine vegne also!)
Riktig god helg:0)

Related Posts with Thumbnails