søndag 7. mars 2010

Den morgonen sola datt i vatnet

Nei, det var ikkje dommedag. Det var faktisk ein heilt vanleg torsdag, der eg var litt seint ute til jobb. Det er forresten ikkje noko uvanleg med det heller, men eg har heldigvis svært fleksibel arbeidstid, så "for seint" er oppi hovudet mitt. Uansett, sein eller ikkje, så måtte eg stoppe på Bulken og ta bilder av sola. Det er svært sjeldan eg tek bilder av sjølve sola, for som regel vert dei ikkje så bra. Denne morgonen var det anleis, der ho gøymde seg bak tjukk skodde over Vangsvatnet. På det fyrste bildet likna ho igrunn meir på veslebror sin - Månen.

Kanskje var sola òg litt trøytt denne morgonen? Kanskje lurte ho - akurat som eg - om ikkje det var betre å berre krype inn under dyna igjen? I sola sitt tilfelle ville jo det passe med skodda der på vatnet. Den er nok mjuk og fin, om enn litt kald, å sveipe seg inn i. Det såg iallefall ut som sola var på veg ned istadenfor opp, og morgonljoset var magisk!














Håpar du får ei magisk veke!

6 kommentarer:

Lene Mari sa...

Flotte bilder, vennen :)

Gamleheksa sa...

Dette var jo helt trolsk og nydelig. Takk for at du tok deg tid til å stoppe :) og så dele med oss.

Ha ei fin uke.

Neje sa...

Flotte bilder, så kjekt du e innom bloggen min av å te...blir så gla når nånn tar sæ brye å lægg igjen en liten kommentar. E itj så flink dær sjøl men ska skjærp mæ framover... Ha ei rikti flott uke :) KLEM

Snøstorm sa...

Hei! Nydelige vinterbilder! Fikk Mail fra deg og pakke er på vei i posten. :)

Lottas Himmelrom sa...

Åh aldeles nydelige bilder!!!!!!Magisk uke til deg også:)Klemmer

KRISTIN sa...

Hei og hopp!! Så fantastiske bilder!
Jeg fikk tatt noen bilder til hjemmeleksa mi i går. Panoreringsbilder!! Det var vanskelig gitt....Så her har læreren kasta oss p ådjupt vatn med ein gong. Men det var moro - så eg må øve meg meir på det. Så vert det kanskje noko å vise fram etter kvart?!

Ha ein god dag! Klem!

Related Posts with Thumbnails