laurdag 20. mars 2010

Arktiske tilstandar ispedd litt jordbær

Dei siste to døgera har me fått godt gamaldags vestlandsvèr, med ausande regn tidleg og seint. Det har ført til mykje trøbbel for mange, med rasfare, jordras, snøras, stengde vegar og nye elvefar. Slike problem har heldigvis ikkje me hatt, sjølv om den eine kjellaren vår idag var full av vatn og slam etter at vegen opp til foreldra mine delvis rann vekk iløpet av natta.

Meir interessant var det å få teke bilder av pakkisen ved elveosen og i Evangervatnet idag. Eit ganske stilig fenomen, som eg ikkje kan hugse å ha sett før. Digre isflak kom seglande nedover elva, og eg vart overraska over kor tjukke dei var!







Som for å sleppa litt vår og varme inn i ein ellers sur og grå seinvinterdag, kjøpte rosamannen frosne bringebær og friske jordbær, og lagde herleg smoothie til oss jentene. Jentene fryda seg, og eit pust av sommar fòr forbi når me kunne nyta den kalde, friske drikken.

God sundag i vente!

3 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

God sundag til deg, òg! Stilig med all den isen. Og sannelig er det litt kjekt med sånnt vær òg. Og smoothi... det såg ikkje vondt ut!

Her gløymde vi heilt av alt som heiter laurdagssnop. Brått var det sengetid og slett ikkje det rette med søte saker.

I dag skal vi i Myrkdalen på skirenn. Guro skal gå stafett for fyste gong. Og heiagjengen er klar. Kanskje best å finne fram litt niste, om vi ikkje skal nyta det Helgatun måtte kunne by på :)

Ha ein nydeleg dag!

Annika sa...

For nokre flotter bilder!
Her har våren komt så vidt no, sola skin i dag, og snøven er snart borte!

God søndag!

KRISTIN sa...

Vatn i kjellaren er vel ikkje til å spøke med?! Håpar de har fått tørka den opp att.
Ellers var det flotte bilder du viser. Smoothie går det mykje i her - nesten kvar dag.

Klem!

Related Posts with Thumbnails