laurdag 20. februar 2010

Terapi

Terapi er eit sentralt begrep i Rosaheimen i desse dagar.

For min kjære Rosamann handlar det om fysioterapi, då han etter diverse uheldige episodar har fått konstatert skiveprolaps i korsryggen. Det betyr at han eignar seg klart best i horisontalen, og sjølv då er til dels plaga med smerter i rygg og venstre fot. Me kryssar alt som er for at han med god hjelp og kvile kjem seg på beina igjen snart, slik at f.eks. årets stor-tur ikkje går i vasken!

Ellers er det stadig nye vendingar i historia om vatn og is i huset vårt, men idag håpar me at eit par gode hjelparar skal få bukt med litt av problema ved hjelp av ulike former for terapi ;)

Igår testa eg litt terapi i ei heilt anna form: retail-therapy! Eit kaffikopp med hank, i det nydelege rosemønsteret frå Green Gate. Den skal eg drikka kaffien min frå no, og eg håpar den kjem til å smake ekstra godt, og gje meg "det lille ekstra" eg treng for å halde tritt med mine søte og små, men utruleg travle døtre.


Har ikkje hatt overskudd til å lese bloggar denne veka, men helga er jo full av moglegheiter. Håpar iallefall de der ute får ei knakande god helg! Og til dei som startar vinterferien og reiser på tur: Køyr forsiktig!!!

6 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

Håper terapien virker. Jeg har kost meg med kaffe i min kopp i dag :)

God helg og lykke til med taket!!!!!

Forresten - kanskje det er te du skal drikke fra koppen: Det står "teatid" i ordbekreftelsen under her....

Trollkåno sa...

Ja, terapi i ymse variantar kan nok trengast der "i gården".
Aldeles nydelege, dei koppane......nesten so eg kjenner "må ha"-følelsen.
God helg...og pass godt på han på taket........!!

Henriette sa...

Kaffi i nydelege koppar gjer alltid dagen litt lysare;) Stakar, stakar, stakar rosamannen!!! Mange varme, god betring helsingar til han. Håpar verkeleg at han vert betre snart. Har ein rygg som kranglar litt sjølv, men ikkje i nærleiken av eit prolaps, så han har mi fulle medkjensle.Kryssar fingrar for at han vert god att før N.Y.

God helg.
Klem:0)

ingridmarie sa...

No måtte eg berre leggjAa att nokre ord, sånn fo å sei at eg kikkar innom :) So flotte jenter i karnevalsdrakter! Og nydeleg blomekopp frå GG blir kos å drikka kaffi av, og tenke på at vi nærmar oss våren for kvar dag! God helg er det blitt på meg, på besøk hos barna si mormor og morfar, med mykje god mat og drikke, og ikkje minst det herlige BADEKARET som både små og store nyt. God bedring til mannen, og god helg til dåke alle ihop!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Ush då, får hoppas på god bedring, både till Rosamannen och huset. :-)

Ha det fint!

Torilpia sa...

Har godt tro på den GG terapien jeg da .. :o) Ellers så er det vel godt med forskjelllige slags terapier - innimellom :o)

Ha ei flott ny uke!

Related Posts with Thumbnails