onsdag 10. februar 2010

Onsdag, leik, vatn

I mangel av ei betre overskrift vart den ei kort samanfatting av dagens innlegg;

I ein periode no i vinter er onsdagane heimedagar for meg. Dvs - midt på dagen tek eg vegen til kyrkja, og leiar babysong-samlingar for dei nydelege små som var fødd her i bygda og nabobygdene i 2009. Det er ein kosleg del av jobben min, der eg midt i beste arbeidstid får verte litt betre kjend med dei små og mødrene deira. Ja, for det er helst mødre som er med på slike samlingar. Antakeleg fordi det endå er mødre som er mest heime i permisjonstida? Me syng og spelar, og avsluttar med kaffi og ein lett lunch som snille damer i bygda leverer på døra. Veldig kjekt!

Igår kveld var eg på 2. kurskveld med Photoshop, der eg leika meg litt med bilete eg har tatt det siste året. Eg har brukt photoshop ganske mykje (f.eks. når eg laga jolekort), men sidan eg er sjølvlært rekna eg med det var nokre heilt "basic" ting som eg ikkje hadde fått med meg. Og - eg hadde rett. Eg må vel sei at det meste me har vore igjennom til no har eg vore borti før, men eg har òg fått meg eit par aha-opplevingar, der eg nesten klaska meg i panna over at eg ikkje hadde skjønt eller visst dette før.
Sist veke såg eg i avisa at det skal vere fotokurs over to kveldar på Voss, og eg trur jammen eg skal melde meg på det òg?! Eg reknar meg eg har eitt og anna å lære av ein fag-fotograf ;)

Og til slutt, ei lita gladmelding: Idag har det vore to hyggjelege røyrleggjarar her i huset og lagt om kjøkken-vatnet vårt. No ligg det i innervegg og oppå golvet (inni sokkelen) på kjøkkenet, og då bør det ikkje fryse med det fyrste. Det beste av alt er at me fekk det som reklamasjon hjå dei, og dermed slepp å betale eit einaste øre for jobben som no er gjort. DET syns eg var god god service, og fortener litt reklame for Voss Varme og Bad. At huset såg ut som ein svinesti etterpå tok me med godt humør, og eg syns det er heilt i orden at fredagsvasken er gjort allereie på onsdag!
Tusen takk for koslege kommentarar på forrige innlegg. No har me fått flybillettar og hotell-voucher på epost, og har allereie begynt å gle oss. Det kjem nok eit innlegg når det nærmar seg om tips til kva ein bør og må få med seg i N.Y. ;)

God kveld frå Rosaheimen!

9 kommentarer:

Lottas Himmelrom sa...

Åh photoshop er så gøy..skal kjøpe meg det når jeg blir rik:)Fine bilder og effekter! Ser du skal til NY!!!

Åh der er det herlig..Vi har vært der 3 ganger..Elsker den byen! Jeg har masse tips osv om du vil ha:)
HELDIGE DU!

Fortsatt fin uke til deg..Vi reiser snart til London uten barn(savne-me litt godt for forholdet også da...)

Mange klemmer til DEG

Gamleheksa sa...

Skulle ønske det var Photoshop-kurs her også, for der er det mye å lære. Bildene dine blir jo såååå fine.

Så godt at det vanntullet er rettet opp. Godt å slippe å bekymre og ergre seg over det mere :)

DUNNISMoR sa...

Hei og takk for koselege helsingar!
Eg har også veldig lyst på Photoshop og lære meg fotoredigering...der er eg heilt blank. Og så har eg kjempelyst til å ta eit fotokurs. Eg kjøpte nytt kamera i 2008 og har sikkert ikkje lært meir enn ein brøkdel av det eg ynskjer å lære. Vel, det krevst jo både tid og pengar, men lyt omprioritere litt då, tenker eg:)
Bileta dine vart kjempefine!
Heldige du som skal til NY! Eg har aldri vore der, men skulle gjerne teke turen. Eg vender snuten sørover om eit par veker...nærmare bestemt til Sør-spania, så det er ikkje synd på meg;) Skal vere der i ei veke...og gler meg til litt varmare luft og ikkje minst... mindre klede.
Så bra at det har ordna seg med røyrene på kjøkkenet! Utruleg kjedeleg med vatn som frys. Vonar det ordnar seg med vatnet som hadde teke turen inn, óg.
Oppvask ventar på meg her i heimen, lyt ta han medan DUNNISbabyen søv:)
Ha ein fin dag!

Rønnaug S. sa...

Du store. Skal si du har lagd noen vakre bilder. Det kurset håper jeg de setter opp seinere også. Og fotokurs, det var heller ikke noen dum tanke....

Hipp hurra for rørleggere som endelig gjør jobben sin. Sannelig godt ting kan fikses opp!!!

Trollkåno sa...

So flotte bilde!
Skulle gjerne lært litt slikt, ja.......dvs. kanskje eg skulle starte med eit fotokurs, ta det frå byrjinga.

Annika sa...

Så flott at vatnet no er fiksa, ei skikkleg gladnyheit!

Eg tenkte eg skulle melde meg på Photoshop-kurs her, men det varer ein heil laurdag, og det var litt vanskleg å få til å prioritere. Skulle ønske det var over to kveldar i staden, men, når eg ser kva du har lært, trur eg at det er verdt det likevel, for det er jo så artig å leike seg med bilder.

Ha ein strålande dag! Her snør det...

rod i hob sa...

Tusen takk for kjempekoselige kommentara hos meg :-)

Jere meg så gla!!!

Kaffi burde me tatt en dag ja :-D Hadde våre topp!!!

Kjempeflotte bilde du vise! Før og etter bilde e kjempespennande! Utrulig ke en kan utretta i photoshop bare en kan trykka på dei rette knappane!!

Eg e kjempesløv me bilder for tiå!! Grr.. Plage meg litt, men forhåpentligvis blir eg bedre!!

Ha en nydelig kveld!!

Nikoline sa...

Åh,her var det to spennande innlegg å få med seg idag! Eit slikt kurs hadde slett ikkje vore så dumt,du... var ikkje klar over at slikt har vore arrangert i bygda.Spennande!
Og for ikkje å snakka om spennande ang.turen de skal ha i april!!! Eg har vore der og kan berre sei: GLED DEG!!!! (Og hald deg på Manhatten,der er det ikkje noko skummelt i heile tatt!) Gode tips kan du sikkert få hjå Arild,han var i N.Y. i eit halvt år.
Riktig god helg og feir i veg:0)

Torilpia sa...

Fotokurs er nok kjekt .. så mange flotte bilder - artig alt det man kan gjøre i photoshop.

Ha en super lørdag - klem!

Related Posts with Thumbnails