søndag 21. februar 2010

Meir terapi

Plutseleg er det sundag kveld - tru kvar helga fòr hen?

Kveldens terapi-form er scrapping! Når eg er trøtt og lei, frustrert eller tankefull, då er det utruleg godt å gå inn på arbeidsrommet med bilder, papir og dill. Prøve, feile, og prøve igjen, medan huset stilnar og roen senkar seg både rundt meg og inni hovudet.

Englefjes-LO'en har vore eit stort problem for meg. Eg hadde bildene, oppsettet og det meste av pynten. Men tittelen var vanskeleg! På baksida har eg notert at den var ferdig 3. februar 2009. Sanninga er at den vart ferdig ikveld. Kvar gong eg har prøvd å scrappe i det året som har gått, har eg teke den fram, sett på den, og lagt den tilbake i mappa. Og så har scrappelysta vore som blåst vekk! No er det gjort, og eg syns den vart heilt grei. Må berre finne at datoen for kva tid bildene av vetlesyster i tante-strikka kjole vart tekne......

Denne Lo'en har vore mykje lettare. Rotterdam-turen som eg og Storesyster hadde sist haust vart her i bloggen samanfatta i to billedmontasjar. Desse skreiv eg ut, og brukte i scrappinga. Vanlegvis ville eg ha skrive ut bildene separat, og montert dei på kvar sine matter på LO'en, men eg syns dette var ei fin avveksling.

Så ligg ei ny veke framfor oss, med nye dagar som skal fyllast. Rosamannen er eit hakk betre, og huset likeså. Dermed er det vel berre å ta fatt med friskt mot?
God veke!

5 kommentarer:

DUNNISMoR sa...

Hei,
Sit inne i varmen og ser ut på snøstormen ute...brr! Slik ein vinter i Bergen, har eg aldri opplevd før, og no har eg budd her i snart tolv år. Trur nok eg må ut og spa, eg óg...for her legg det seg i fonner på altanen.
Så flotte Lo'ar du har laga! Eg har tenkt litt på å byrje å scrappe, men har ikkje kome så langt. Har alltid likt å gjere litt meir ut av fotoalbumet, enn berre å setje inn bilete, så eg trur det er noko for meg. Har laga nokon kort som vel kanskje er litt i den gata, men that's it.
Her går det også i -terapi om dagen...eg går fast til fysioterapeut/akupunktør, men han brukar mest akupunktur på meg...elles er
strikking mi form for terapi, og det vert stort sett på kveldane, eg får tid til det.
Det er eit flott hus, du har! Likar så godt gamle hus...drøymer om stort, gamalt hus på landet med stor eplehage rundt:) Med tid og stunder...
Ha ei god veke!

Gamleheksa sa...

Så godt å ha gode snømåke-hjelpere!!!
Du er jo så flink til å scrappe. Riktig morsomt å se.

Ønsker dere alle fire ei fin uke.

rod i hob sa...

Flinke du e te å scrappa!!

Sku ønska eg og va det -for de e jo så utrulig stilig!!

Helgå mi blei forlenga med ein dag. Deilig med fri mandagen! Men mykje som må gjerast og.. Burde burde. Treningsøkta i dag har våre å måka snø. IGJEN!! Noke strevsomt!! Men må man så må man! Nå må eg visst skynda meg i barnehagen, -så ikkje vetlå trur at eg har gløymt ho av!!

Håpa du har ein fin fin mandag -med eller uten terapi ;-)

Rønnaug S. sa...

Der var LO'ene dine, ja. Flotte! Og det blei nok litt av et snøfall i hagen på lørdag. Det som kom enda høyere oppe fra i natt var vel ikke akkurat velkomment. Lett og fin, joda, men det taket burde jo vært helt uten snø....

igi sa...

Så flott at dere har fått hjelp til snømåking. Håper dere slipper uønska vann inne i huset entid fremover.

LO'ene dine ble kjempe fine. Lir så imponert over alle som klarer å scrappe!

Klem Igi

Related Posts with Thumbnails