måndag 1. februar 2010

Februar

Det andre kalendarbladet er her alt. Ein månad er gått av det ikkje lenger fullt så nye året. Ein kvit månad. Ein kald månad. Ein månad med frustrasjonar over alt kulden fører med seg i hus og heim. Ein månad med glede over vakkert landskap og kjekke vinteraktivitetar.

Så er februar her, og vanlegvis er det i februar snøen kjem. Det er i februar kulda kjem. Då er det vel berre å brette opp armane, då? Gjere seg klar til å "bere vatn og bere ved"?

På rommet til vetlesyster har me no skrudd varmen av heilt, og det ser ut til å hjelpe på - det dryp mindre no. Det seier oss at over rommet hennar må det vere eit hòl. Ei skada skiferhelle. Igår hugsa me omsider at det forrige helg var sterk vind, og at det utpå kvelden høyrdest eit skikkeleg dunk som kom ifrå akurat den staden i huset der dette rommet ligg. Me såg ingenting, og gløymde det. Heilt til igår, då det plutseleg demra kvifor vatnet no vil inn i huset. Rosamannen ringte forsikringsselskapet for andre gong idag, etter at han fredag vart feid av banen av ein prinsippfast austlending som konstaterte at "utett tak" ikkje gjev forsikringsutbetaling. Idag hadde me jo nye opplysningar - det har skjedd noko, som har gjort til at smeltevatn, regnvatn og alt anna som er vått og kjem ovanfrå no vil inn og kosa seg i huset vårt. Og såvidt me har klart å plukke opp så er plutselege skadar noko som skal kunne vere gyldig sjølv for dei høge herrar i forsikringsselskapa. Min kjære prøvde å ringe saksbehandlaren vår lokalt, men vart straks sendt vidare til meir sentrale strok. Og - skulle du sett - der hadde dei allereie "ei sak" på oss, så han måtte nok vente til vår saksbehandlar kunne ringe tilbake. No veit ikkje eg kva dei lærer om psykologi og kundebehandling på opplæringa til forsikringsselskapa sin skademeldingsavdeling, men eg håpar inderleg "vår mann" ikkje er representativ. Etter å ha vrengt av seg at me overhodet ikkje hadde skjønt forutsetningane for forsikring, etter å ha høyrt den nye utviklinga i saka, så presterer han å sei at "du må huske at å komme med falske opplysninger er en svært alvorlig sak". Eg syns det er så frekt at eg veit ikkje om eg skal le eller gråte. Å skulde oss for forsikringssvindel når me har funne ei mogleg årsak til vatnet sildrar og renn i veggen syns eg er grovt. Nesten like grovt som å avvise heile saka utan eingong å ha latt ein takstmann sjå på det. Rosamannen vart nok antakeleg litt.......rosa i toppen, og til slutt gjekk den venlege herren med på å sende ein ordre til takstmann, som kan komme og vurdere kva som kan ha skjedd. Eg tippar det står notert i "saka" vår at me svært mistenkeleg hadde nye opplysningar i saka 3 dagar etter fyrste skademelding, og at det sikkert er forsøk på svindel. Eg - ein forsikringssvindlar. Eg vert matt!


Men imorgon kjem ein ny dag - JIPPI! Og imorgon skal eg på fyrste av tre tirsdagskveldar med kurs i Adobe Photoshop! JIPPI! Eg har jo brukt det eindel på sjølvlært basis, men håpar at eg kan få nokre nye tips og innfallsvinklar til dette enorme programmet. Og så får me sjå kva som skjer vidare i føljetongen om vatn i Rosaheimen. Onsdag kjem det forresten røyrleggjar på synfaring - det er mogleg me kan legge om vassrøyra til kjøkkenet slik at me slepp å få millionrekning på vassforbruket (no står det jo og renn døgnet rundt så snart temperaturen nærmar seg 8-10 kalde grader, ellers frys det igjen). JIPPI!

GOD VEKE!

7 kommentarer:

igi sa...

Hei

Vet ikke helt om jeg tør skrive dette men Igimannen arbeider i forsikringsselskap ;-) Han jobber ikke med skader og slik men selskapets "indre liv" - heldigvis. Vi har krangla med forsikringsselskap vi også...

Stå på, ikke gi dere. Krysser fingre for at alt ordner seg for dere!

Kos deg på kurs i morgen. Håper du kan gi oss lesere noen tips også!
Klem Igi

Heidi sa...

Fortvilende å holde på med forsikringsselskapet i tillegg til alt strevet!! Men kjekk oppmuntring med PSkurs da!!!:) Sikkert supergøy, er spent på å se resultater:) Klem Heidi

Lottas Himmelrom sa...

Ah herlig bilde:) Heldige du som bor i Bergen.Ja masse fint på Farmors hus:) Ha det gøy på kurs!Moro!
Klemmer

KRISTIN sa...

Forsikringsselskap er av og til til å bli sprø av - og så virker det sååå urimelig innimellom!
Flott bilde av vetlesøster - nydelig jente.
Blir spennande å sjå kva du får lært på PS-kurs. Lykke til.

Og angående tittelen min på bloggen - du er sikkert ikkje den einaste som har lest Jubelbrus - det er jo det som er normalt å assosiere Vingesus med, men som navn på bloggen min så vart det litt pompøst syns eg - derfor denne litt lettare, meir morsome varianten med Julebrus!! Og sidan eg også er opptatt av englar, så vart det dette namnet - med Jubelbrusen i bakhovudet!!

Klem!

Torilpia sa...

De forsikringsselskapene er jammen en historie for seg .. skjønner ikke at de ikke blir gått nærmere etter i sømmene.

Håper det ordner seg for dere.

Har lagt meg til som følger og kommer tilbake igjen senere.

Ha en kjempefin tirsdagskveld.

Torunn S sa...

Åååå....forstår at det er skit!!! dete r velmange som har erfart at forsikring før og etter skade er to ganske forskjellige ting.... Lukke til!!!! ...og kva forsikringsselskap er det som har slik ein god service, tru?? Nokon seier jo at all reklame er god reklame...men eg veit ikkje..
Stå på!!!

tanja sa...

for ein vinter! kryssar fingrar og tær og håpar det ordnar seg for dåkke.
For eit søtt bilde av veslesøster!kos deg på kurs, photoshop er gøy!(men eg har nok gløymt det meste..)

Related Posts with Thumbnails