måndag 8. februar 2010

Billettar er bestillt...


Veit du kvar dette er?
Ein verdensmetropol. Ein by som for nokre år sidan fekk sin "skyline" dramatisk endra idet mørkemenn styrta to fly inn i Tvillingtårna.
- New York -
Eg sitt og hoppar litt på stolen, kriblar i kroppen, skjelv litt på fingrane, og knip meg lett i armen. Imorgon er det to månader til avreise. Flyturen går frå Bergen til København - til New York!!!

Min kjære Rosamann fekk forrige veke mail frå skulen der han tek sin mastergrad i Systems Engineering, om at han og 6 andre studentar var meldte opp på ei vekes kurs ved Stevens Institute of Technology. Masterstudiet på Kongsberg er nemleg ein slags avdeling under Stevens, og mange av studentane er der borte i 3 månader. For ein mann med familie, fast jobb og forpliktelsar er ikkje det så lett. Men ei veke - det går an. Sjefen hans godkjende reisa, og betalar reise og opphald. Me har lagt inn søknadar hjå snille besteforeldre som seier at dette går an å få til, sjølv om dei framleis er slitne etter ei helg med turbojentene på besøk, eller er opptekne med jobbing både seint og tidleg. Og ikveld har me gjort det - bestillt flybillettar og hotell, 9. - 19.april.

Det har nok ikkje heilt gått opp for meg kva me har begitt oss inn på, men eg syns det er heilt fantastisk!! Den siste tida har me nemlig snakka om at for å komme oss til N.Y. skulle me ynskje oss reisegåvekort hjå alle me kjenner når me iløpet av året skal feire to 30 års-dagar.Plutseleg skal den eine feirast i The Big Apple! Ja, for Rosamannen får faktisk feire dagen sin iløpet av tida vår der borte. Det må vel verte ei makalaus feiring? Ein slik sjangse, der arbeidsgivar betalar store delar av utgiftene, kjem nok aldri att. Difor er eg ekstra takknemleg for at me med god hjelp kan gjere dette. Noko me begge har drøymt om i mange år.

For mannen vert det skulegang mandag til fredag, men det må jo vere mogleg å få med seg både konsertar og anna på kveldstid. Og eg - eg har tenkt å utforske litt på eiga hand, i all forsiktigheit sjølvsagt, og berre på "trygge" stader. Me har dessutan ein dag og to i kvar ende av opphaldet som skulle gjere det mogleg å få sett litt meir. Antakeleg får me berre sett nok til å ville tilbake?
Mange tankar spinn gjennom hovudet ikveld, og eg kjem antakeleg til å vende tilbake til temaet fleire gonger iløpet av våren - både før og etter turen.

God veke!

9 kommentarer:

ANETTESHUS.COM sa...

Ååå, gled dere!!! New York er en fantastisk by! Det er en stund siden sist jeg var der nå (vi har familie der) - men gjett om jeg fikk lyst til å reise over igjen når jeg leste dette?! Kos dere masse!!!

Klem
Anette:)

Gamleheksa sa...

Å du store min! Dette blir litt av en bursdagsfeiring. Heldige du som kan bli med. Ellers hadde jo det med bursdagen blitt litt dumt da ;)
Jeg gleder meg, jeg. Mest med dere, men også fordi jeg har jo et håp om at kamera blir med, så vi hjemmesitterne kan få noen små drypp fra The Big Apple også. Ikke at jeg mener du skal sitte der og blogge bort verdifull tid, men når du kommer hjem kanskje?? I mellomtiden skal vi feire 19 års bryllupsdag mens dere er borte :)

Ha en flott tirsdag.

Annika sa...

Å, så fantastisk! Er det ein stad eg absolutt vil oppleve ein gong, så er det NY, de får det nok flott! Men som du sei, de får nok sett akkurat nok til at de vil tilbake ganske raskt!

Fortsatt god veke:)
Og hurra for kjekke besteforeldre!

KRISTIN sa...

Såååå utrulig kjekt!! Trur NY er fantastisk. Men snakka om å dra dit til hausten, men me får sjå kva som skjer. Gleder meg på dykkar vegne!!

Ha ein flott dag! Klem!! ♥

igi sa...

Så gøy! Jeg har aldri vært der selv, men har hørt at det er fantastisk.

Klem Igi

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Å så kjekt! Vad härligt med en vecka i New York, förstår att du hoppar på stolen. :-)

Noralill sa...

Gled deg! New York gjer eit uutsletteleg inntrykk! Eg var der i 2002...eit år etter at tvillingtårna fall... skummelt men spennande. Men vær forsiktig, utruleg mykje folk, og det er fort å gå seg litt vill...Eg havna plutseleg inn i eit litt skummelt område...men det gjekk bra.

Utruleg spennande er det iallefall!!

Henriette sa...

Åååå så spanande:0) Har berre høyrt godord om New York, til og med frå dei som ikkje likar USA, så dette vert sikkert topp:0)

Tuuuusen takk for koselege ord ine hos meg. SÅ kjekt å høyre at eg faktisk var sakna:) Den berømmelege blogtørken gjorde sitt inntog, men eg håpar på betre tider;)

Håpar det løyser seg med forsikringsselskapet. Har hatt ei lite kjekk oppleving med Gjensidige ein gong, og kan skrive under på at sakshandsamarar kan vera ein eigen rase.....Håpar det ordnar seg med røyra på kjøkenet og. Må tilstå at dette er ein vinter der det har vore godt med nytt hus. Ellers er eg litt misunneleg på dykk som har "hus med sjel";)

Stor klem♥

Henriette sa...

Hiv deg rundt og strikk tunika til småsnuppene. Eg er IKKJE god med strikkepinar, men denne er i tjukt garn (Sandnes, Smart superwash) og tjukke pinnar (4 1/2). Eg strikka han på 4 dagar, og kunne fort ha strikka ein til. Raglanfelling sørga for at eg ikkje trengde montera. Supert:)

Lukke til♥

Related Posts with Thumbnails