onsdag 27. januar 2010

Vatn til besvær

Eg las ein stad at det siste ein skal bruka bloggen til er sutring og klaging. Då skulle ein heller late vere å blogga. Likevel - ikveld er det ikkje mykje lysteleg i Rosaheimen. Om du ikkje vil øydeleggje ditt gode humør kan eg anbefale å surfe vidare til neste blogg ;)

Dei som er innom jamnleg har kanskje fått med seg at me har hatt store problem med vatnet på det 3 år gamle kjøkkenet vårt. Siste biten ligg vassrøyra under kjøkkengolvet, i ein blindkjellar, og der vert det tydelegvis kaldt. Igår var det berre 7 kuldegrader om morgonen, og eg rekna det som sikkert å ikkje la vatnet renne. Når me kom heimatt på ettermiddagen hadde temperaturen stige til 4 blå, men likevel - då eg skulle tappe kaldt vatn kom det ikkje ein dråpe. Min kjære sat i kjellaren og haldt ein gammal støvsugar med selskap heile kvelden, fordi me drog varm luft gjennom det ytterste røret i håp om å tine det innerste. (Støvsugaren måtte få selskap fordi det plutseleg lukta svidd opp i stova når den hadde stått ei lita stund ålein). Ingenting skjedde, anna enn at Rosamannen var iskald og hadde gått inn i ein ny krangel med korsryggen sin. I natt steig temperaturen endå meir, og til vår store gleda begynte vatnet å renne iløpet av den halve timen som gjekk frå me jentene forlot huset til Far stod opp. Hurra!

Som lova på yr.no kom det iløpet av dagen ein del regn, og temperaturen steig til eit par plussgrader. Vel heime etter jobb såg eg plutseleg at det hadde runne vatn langs rullegardina som er nedtrekt i gangen på baksida av huset. Det låg òg vatn i glaskarmen. Eg tok beina fatt og jogga opp på rommet til Vetlesyster, som ligg rett over denne gangen. Og jaudå - i taket over vindauga hennar (skråtak) draup det flittig. I vinduskarmen og ned langs vindauga rann det små elvar - på innsida! Dyna og madrassa til snuppa var vått, golvet rundt vindauga var vått, leikene var våte. Eg sprang ned for å hente handkle, og i trappegangen, som ligg på den andre langsida (framsida) av huset var det jammen vått, der òg. Me har delvis pussa opp den gangen, og sette mellom anna opp nye plater på veggane sist vinter. No kryp vatnet innover i plateskøytar og sparkel, og me berre kryssar alle fingrane for at vatnet ikkje skal trekke inn i veggplatene på det nye kjøkkenet, som ligg like ved.

Det verste er igrunn at me veit ikkje heilt korleis me skal angripe problemet. Korleis kan me stoppe det FØR alt er ferdigsmelta? Det føles verken trygt eller lurt å begynne med stige for å klatre på taket med så mykje snø og is både der oppe og på bakken. Og kor mykje skade gjer vatnet innvendig? Kor mykje må gjerast i huset når dette ein gong har turka opp? Og kor mykje må gjerast på taket?

Mykje frustrasjon og forvirring i rosaheimen ikveld, rett og slett. Eg er glad i vårt gamle hus. Glad i sjela, og spora etter tidlegare generasjonar. Men denne vinteren har det komme frå min kjære mang ein gong at me skulle aldri ha kjøpt det. At me skulle bygd nytt, eller kjøpt eit som var tilnærma tett, tilnærma beint, og tilnærma varmt. Av og til er eg einig.

Trur faktisk eg skal ta med meg eit blad og krype opp under dyna. Kanskje alt er betre når eg vaknar imorgon?
-----------------------------------
English: with the low temperatures we have had this winter the water in our kitchen has frozen in the pipes multiple times. When the temperature roze, we got another water-problem: a leak in the roof caused "rain" in our youngest girls' bedroom and bed. There is no easy way to stop it, and we are both confused and frustrated over the challenges an old house can bring. At times we wish we had built a new house, or bought one with less soul and better condition. Hopefully, everything will be better in the morning.

7 kommentarer:

Kalimera's blogg sa...

Blir matt av å lese alt dere opplever nå! Uff å uff, men får håpe det ordner seg fort.
Har desverre ingen råd.
Kanskje om du tok kontakt med komunnen (eller en annen etat) for å få vekk snøen på taket? Forsikringsselskapet? Bare kaster ut forslag jeg.
Lykke lykke til.
Trøsteklem fra Helen

Trollkåno sa...

Uff og uff for elende i Rosaheimen.......lat oss håpe at de går betre tider i møte ang. "hus og heim".

Nikoline sa...

Nei huff a meg... i slike høve har du jammen lov å syta og klaga både på bloggen og andre stadar..!!
Vatn kan rett og slett vera noko herk! Og det skal ikkje så mykje til av det før det har ødelagt ganske mykje.
Håpar de finn ut av det og at det ikkje er så mykje ødelagt av materialar.

Gamleheksa sa...

Nei og nei! Dette var ikke bra. Bare klag din nød på bloggen, så håper vi det hjelper. Ellers har jeg ikke noen gode råd, dessverre. Skulle ønske jeg var en flinkere heks, så jeg kunne trylle huset ditt friskt igjen.

Rønnaug S. sa...

Å NEI! Noe så guffent. Håper virkelig dette er veldig forbigående. Sånn går det ikke an å ha det! Litt trylling fra Gamleheksa og andre som kan sånnt kommer nok godt med.

Annika sa...

Off, det er så utrulig frustrerande når slikt skjer... Vatn kan dessverre gjere så mykje skade. Huff, håper de klarer å stogge det, før det gjer skade på både kjøkken og resten.

Lukke til!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Å så trist! Jag hoppas verkligen att ni finner en lösning, och att problemen inte blir värre. Det är alltid så trist att behöva lägga tid och energi på att fixa med sådant.

Sänder lite positiva tankar!!!

Related Posts with Thumbnails