fredag 22. januar 2010

Valuta for pengane

Alle likar jo det - å få så mykje som mogleg utbytte av innsatsen, som enten har vore i form av arbeid eller pengar. Eg syns tulipanane eg kjøpte sist torsdag har vore grusomt slappe nokre dagar no, og det hadde komme til det punktet at dei ikkje var så veldig dekorative lenger, der dei hang nesten ned på bordet.

Fram med ei skål som ikkje har vore i bruk sidan me fekk ho til bryllaupet for snart 7 år sidan (hjelp!), og fram med kniven. Eg anar ikkje kor lenge dei held med så korte stilkar men syns det vart ganske dekorativt med tulipanar i vannbad!

Idag har eg hatt fri-fredag, slik eg vanlegvis skal. Jentene ville i barnehagen, og på desse dagane let eg dei bestemme sjølv om dei vil vere her eller der. Dermed fekk mor ein heil dag for seg sjølv! Den fyrste halvdelen vart nytta til det akk så kjedelege husarbeidet, før eg inviterte to damer på ein prat over kaffikoppane. Kosleg! Når eg har fullført innlegget mitt er det handling som står på programmet, før eg skal henta prinsessene att.


Og, ikveld skal eg på konsert!!! Eg skal høyre Kjell Inge Torgersen, som syng Sting sine låtar på norsk - faktisk på nynorsk! Han heldt konsert på Voss i haust som eg hadde lyst å gå på, men plutseleg måtte me jo til Nord-Noreg i gravferd, og dermed vart det ingen Aks av gull for meg. Eg får sjå om eg kanskje klarar å snika til meg eit bilete frå konserten? Eg gler meg iallefall veldig!


Eg håpar du der ute får ein god fredagskveld som innleiing på ei nydeleg helg!

5 kommentarer:

Nikoline sa...

Alldeles nydeleg vart det! -Og nesten som "gjenbruk"..
God fornøyelse i kveld og riktig god helg:0)

maría cecilia sa...

Rosa, your tulips are so beautiful, that light pink color is adorable... and your pictures have brightened my day... thank you!!!!
Cariños,
Maria Cecilia

KRISTIN sa...

Så spennande med Sting-konsert på nysnorsk!! Hadde vore kjekt å høyre.
Tulipanane dine vart flotte og fekk nytt liv i skåla. Eg brukar gjere slik med roser, men skal jammen prøve med tulipaner neste gong.

Ha ein god konsert og god helg!! Klem!

Rønnaug S. sa...

Takk for tipset. Skal fortest råd redde toppene av de tulipanene som ikke har slipt alt de har hatt av pryd. Dine blei veldig fine. Og skåler og ting og tang fra bryllupet... Har ei merkelig høne her som vistnok skal forstille en vase... den har aldri vært i bruk på snart 14 år...

nordsalten-hobbyklubb sa...

Invitasjon til utfordring #1 hos Nordsalten-hobbyklubb.
Denne gang tegner vi en skisse som du skal løse etter din egen tolkning.

spre gjerne ordet =)

følg med på :

nordsalten-hobbyklubb.blogspot.com

=)

Related Posts with Thumbnails