fredag 29. januar 2010

Utfordring, is og sol på ein fredag

Av Kristin fekk ei utfordring om å finne fram til det sjette bildet i den sjette mappa på PC'en min. Det er bilde av noko eg har vist på bloggen før, men det er nokså nøyaktig eit år sidan. Til jola 2008 laga eg gåver til fleire familiemedlemer. Til mi yngste svigerinne laga eg denne minikommoden av 24 halvstore fyrstikkøskjer. Den vart pynta med scrappepapir, sløyfeband, eit dikt og utstansa bokstavar. Alle kantar er sverta med distress ink. Kjekt arbeid, sjølv om den totale summen av scrapping på den tida gjorde at eg møtte scrappeveggen utpå vinteren -09, og ikkje fann fram til papir, lim og bilder før no i januar.

Utfordringa let eg gå vidare til

Så får dei alle velje om dei vil ta den ;)

Idag har vore ein nydeleg dag her i vest. Det har vorte kaldt igjen, og sola har stråla frå blå himmel. Det slo meg plutseleg at fleire av naboane hadde sol på husa sine, og eg tok runden i mitt eige hus for å sjå om eg kunne finne ein solstråle ein stad. Kjøkkenet ligg i den nord-vestlege enden av huset, og får sjølv sommarsdagen ikkje sol før utpå ettermiddagen. Stova ligg mot sør-aust, men har det store uthuset rett ovanfor som kastar skugge. Men då eg gjekk ut døra på oppsida av huset, DÅ fann eg ho! (og ja, det er med skam å melde at denne sida av huset ikkje er malt. Dei tre andre sidene fekk ny kledning for halvanna år sidan, og MÅTTE malast, men denne er i ganske god stand, og har dermed vorte nedprioritert)

Eg fann dessutan ikkje berre sola, men store mengder is langs takrenner, vindauger og ned langs kledninga. Vindauga øverst på bildene er rommet til vetlesyster, der vatnet kom inn tidlegare i veka. Kanskje ikkje så rart, når ein ser kor mykje is som ligg på nederste del av taket? Me veit forøvrig ikkje kva me skal gjere med det problemet endå. No når det vart kjøligare att stoppa det heldigvis, men me anar at isen no ligg og sprenger på nye stader, der vatnet har funne seg nye vegar inn i huset. Ein kjapp samtale med forsikringsselskapet gav nedslåande resultat, men me håpar me skal få overtalt dei til iallefall å ta ein kikk før dei sler handa av oss.

Eg har hatt denne fredagen òg i heimen, med jentene i barnehagen og mannen på jobb. Faktisk, så stod eg ikkje opp før klokka halv elleve (!) idag, og fann ut at min kjære hadde stått opp grytidleg med morgonfriske jenter, og levert dei i barnehagen før han sjølv reiste på jobb! DET er mannen sin det :) Dermed kunne mor ha ein roleg morgon, før eg omsider kom igang med fredagsvasken. Ikveld har eg til og med saga ved, sidan mannen sin rygg framleis kranglar og vedbingen var ubønnhørlig tom. Eg er vanlegvis kald på hendene, og mistar kjensla i fingrane kvar einaste dag når eg køyrer bil i kulda. Ikveld medan eg stod og saga ved skjedde det samme, men etter ein halvtime var kjensla tilbake, og fingrane vart til og med varme! Dermed kunne eg med stor glede konstatere at eg framleis hadde 10 fingrar etter endt sage-økt.


Her er til slutt eit lite bevis på at sola skin på huset vårt igjen; skuggar av istappar i vindaugskarmen på baksida av huset. Med det ynskjer eg deg ei god helg, du som ser innom i det rosa universet!

-------------------

English: The sun is shining on my house again, after months "in darkness". As I searched for its beams I found lots of ice on the wall at the backside of the house, where water poured in earlier this week. Still no solution to the water-problem, although it has stopped now that the temperature has sunk again. Today I got to sleep for quite some time while my dear hubby got up with the girls and brought them to kindergarden. How's that for a nice hubby? Have a lovely weekend!

4 kommentarer:

KRISTIN sa...

Håpar de får orden både på is og vatn etter kvart. Det er uhångripelege problemer det der, og så vert ein så hjelpelaus når ein ikkje får fiksa slikt.

Sola var framme her forleden også og då stod eg i ståvo og lurte på kva som var anleis. hihi...

Ha ein god dag! Klem!

rod i hob sa...

Tusen takk for kjekk helsing hos meg!!

Eg vil bare ønska deg og dine ei nydelig helg!!

Eg blir kjempeglad når du kommenterer :-)

Føler på enn måte at eg kjenner deg litt ette så lang tid i blogg-verda :-)

igi sa...

Hei! Tusen takk for utfodringen. Det var akkurat det jeg hadde behov for, føler at jeg står litt stille i bloggverdenen og klarer ikke å produsere ideer til blogginnlegg selv. Det går nok over etter en stund for egentlig synes jeg det å blogge er kjempe gøy. Treffer så mange flotte mennesker på denne måten!

Jeg håper dere finner ut av vannproblemene deres raskt. Det er frustrerende å oppleve slikt.

Kos deg i kveld!
Klem Igi

Heidi sa...

Takk for utfordringen, skal nok putle meg til å ta den etterhvert:) Aprops innlegget under; jeg synes hverdagsskildringer (med flotte bilder) er flott blogging jeg, sutring eller ei;) Klem Heidi

Related Posts with Thumbnails