fredag 15. januar 2010

Tulipan-frrrrræddan!

Den beste dagen i veka. Den beste kvelden i veka, med tilbakelagde arbeidsdagar, og ei helg framfor oss. Faktisk ei helg heilt utan planar i rosaheimen! Det kjennest godt. Kanskje vert det ein handletur imorgon, eller kanskje ein tur ut i snø og sol, no som det er akurat passe mange kuldegradar.


Den siste tida med sprengkulde har vore nokså hektisk i rosaheimen, fordi vassopplegget til det nye kjøkkenet vårt rett og slett er for dårleg. Røyrene ligg under det isolerte golvet, uisolerte i ein kald blindkjellar. Då røyrleggjaren gjorde jobben for 3 år sidan spurde rosamannen spesifikt om dei ikkje burde isolerast, men fekk til svar at det var slett ikkje nødvendig nettopp fordi dei låg "skjerma i ein blindkjellar". No veit me betre.

4 gongar har vatnet frose den siste tida, og dei tre siste gongane har det vore så kaldt at trikset med varm luft gjennom det utvendige røret ikkje var nok. Dermed måtte me låne ei manuell pumpe hjå ein god nabo, og har brukt mangfoldige timar på å pumpe varmt vatn inn mot isen, til den til slutt gav seg på tap. For å unngå dette må vatnet stå og sildre kontinuerlig, og eg tør ikkje tenkje på korleis avlesinga av vassmålaren og den påfylgjande rekninga kjem til å sjå ut!

Me har kontakta røyrleggjaren, og dei er etter sigende på leit etter tynn nok varmekabel til at den kan ligge immellom ytterste og innerste røyr. Me ventar i spenning! (Røyrleggjaren lurte på om ikkje det gjekk an å ta oppatt røyropplegget, men gav seg på det då me forklarte at for å få det til må me ut med all kjøkkeninnreiing og eit golv...)


Som du ser vart det tulipanar i Rosaheimen idag. Eg syns dei var så fine med sin sarte rosa farge! Litt leik i photoshop, så kunne det nesten sjå ut som ein hadde teikna eller målt blomen sjølv!

No er natta her, og eg håpar de der ute får ei nydeleg helg i vinterlandet!

5 kommentarer:

Gamleheksa sa...

Godt at du har disse nydelige tulipanene å trøste deg med innimellom slaga med vanntining. Det er dobbelt ergerlig når en har prøvd å "forsikre seg" mot sånt og så blir "lurt" av dem som bør vite bedre.

God helg til store og små i Rosaheimen.

Nikoline sa...

Åhh...herlige tulipanbilder!!
Men ikkje så "herleg" med frosne røyr.... det er rett og slett bale slikt!
Me har også ei helg heilt utan planar og det er godt å tenkja på... Min kjære er ute og putrar i veg på traktoren sin "Birgitte Lid" for å henta heim meir ved før kulden tek grep att,då kosar han seg!Og eg kosar meg her i blogglandia og har ikkje kome lenger enn at eg sit her i pysjamasen... Me skal på besøk (til sjefen din) kl 17 og det er alt som står på programmet for heile helga!
No skal eg etterkvart få bevega meg til badet og få på meg klær så eg kan på Vangen å kjøpa tulipanar..
Ha ei god og riktig lat helg:0)

Hilde sa...

Så hyggelig det var her! Håper dere finner en god og ikke alt for dyr løsning på isende kalde rør!!!!
Her ble det også rosa tulipaner på fredag, og gule på lørdag hi hi hi!
HIlde

igi sa...

Frustrerende med dårlig rørleggerarbeid! Håper dere finner en løsning på det.

Nydelige tulipaner og fine bilder. Håper du får en fin uke!

Klem Igi

maría cecilia sa...

Rosa, so beautiful tulips, wonderful pictures and lovely blog.
Muchas cariños from Chile,
Maria Cecilia

Related Posts with Thumbnails