laurdag 30. januar 2010

Tellus

I vårt rikhaldige hus har det stått ein globus, godt gøymt vekk på gjesterommet, utan ljos og liv. I det siste har me gjort litt små endringar i stova, der me mellom anna har teke vekk databordet med den stasjonære maskina og flytta det opp nettopp på gjesterommet. Ein pidestall (heiter det det?) eg malte då me flytta inn har komme litt meir til sin rett, og ikveld fann eg ut det var på tide å finne ut korleis ein slik globus virka. Det måtte jo gå an å skifte pære i den!

Og - ikkje overraskande - det gjorde det. Med sitt glødande indre vart globusen interessant på ny, og har fått plass midt i stova.

Der står den og spreier eit nydeleg varmt ljos, og små og store kan studere navn og land me knapt har høyrt om før. Globusen er sjølvsagt ikkje av ny dato, så her kan ein finne att gamle navn som Sovjetsamveldet, Zambia og Rhodesia (Det skal nevnast at eg ikkje har dei største kunnskapane innan verken geografi eller historie, men desse namna eksisterer då vitterligen ikkje lenger, sant? Sovjet er eg sikker på, hihi)


English: In my old house there is lots of stuff from the previous owner. Tonight I brought back to life (that is - changed the light bulb inside) the old globe, and now it spreads its warm light in our livingroom.

God laurdagskveld!

6 kommentarer:

Trollkåno sa...

Den globusen bør absolutt komme fram "i lyset" igjen....so flott.

Patina-H sa...

Litt geografi er alltid moro :) Og ikkje minst ommøblering :) Fin globus !

Anne sa...

kjekt å omøblere innimellom:) Globusen skapte ett fint lunt lys! kjempe fint!

Therese ❦ Fjellrosa sa...

Så tøfft det ble, og man ser jo på skrifta at globusen er av god gammel årgang. Når det gjelder geografien så skal jeg ikke si noe fra eller til, da jeg tror mine geografikunnskaper knapt er bedre enn dine ;)

Håper du får en fortsatt fin kveld :)

einar sa...

Fy søren for ein flott globus!

Anonym sa...

Hei hei,
saag innom bloggen din og tenkte eg maatte korrigera deg litt.. Eg er heller ikkje heilt stoedig i geografien, men sidan eg for tida befinn meg i omraadet kan eg fortelja at Zambia i aller hogste grad eksisterer..
Kjempfin globus :-)og god tur til New York!
klem fraa ei i fjerne Afrika

Related Posts with Thumbnails