søndag 10. januar 2010

Takk for denne gong

Så var det over for denne gong i Rosaheimen. Jolatreet rauk jo ut for nokre dagar sidan, og idag har resten av jolepynten vorte pakka fint ned i kassar, ei merka "advent" og to med jolepynt av ymse slag. Eg kjøpte ein boks i haust ein gong, med to etasjar inndelt i små rom, akurat passeleg til kuler og figurar og alt anna dill som har pynta opp huset dei siste vekene. Det er med eit visst vemod, blanda med ein slags lettelse over litt meir opne rom.

Det vanskelegaste å pakke vekk er englar. Difor er det nok ein eller to fleire som får vere framme etter denne jola enn forrige, og litt færre opne rom enn ein skulle tru.
Denne fine jolekrubba syns eg òg det er litt trist å pakke vekk, men denne gongen havna figurane og den vesle stallen i advents-kassa, med tanke på at den kan settast fram litt etter litt i adventstida neste gong.


Krubba og figurane kjøpte eg på Fretex for eit drøyt år sidan til ein billig penge, og eg syns dei er nydelege. Einaste minus er at den eine takbjelken er litt laus, og at Josef ikkje er så stø på foten. Ved nærare ettertanke er han kanskje ikkje den fyrste (eller den siste) nybakte far som er litt ustø etter ei slik storhending?
Etter at temperaturen har vore under 20 minusgrader i omtrent ei veke er det med stor gleda me ikveld konstaterer at den no er stigande. Me har desse dagane hatt store problem med vatn som har frose på kjøkkenet, og har brukt fleire kveldar på å tine det oppatt. Oppvaskmaskina stoppa som fylgje av dette, men eg og mr Handy har ikveld fått den òg igang. Og sist men ikkje minst ser det ut til at varmepumpa har teke seg på tak igjen ikveld. Kanskje me kan håpa på meir enn 8-10 grader innandørs imorgon tidleg?
Håpar de der ute har hatt ei god helg, og har ei god veke i vente!

7 kommentarer:

Nikoline sa...

Det vert alltid så tomt når jola fèr ut,men godt å få inn det lyse att også.. (kjøpte meg slike kassar på Europris eg også)
Så bale med frose vatn!! Me har dreve og tina i Haugamoen,men der er jo me ikkje avhengige av vatnet så lenge det ikkje bur folk der... tina må me sjølvsagt likevel ellers kan det fort verta ein kostbar affære...
Konstanterar at gradestokken er på veg oppover eg også,ja.. heldigvis!
Nydeleg jolakrybbe du har fått tak i.
Ha ein strålande mandag:0)

KRISTIN sa...

Heisann du!
Ja, litt vemodig å pakke vekk jula, men eg syns det og er kjekt å få inn vårlege blomar og grøne plantar som kan pynte opp. Det vert ei lettare stemning i stova, på eit vis.
Må flire av skildringane dine av Josef - nei han er nok ikkje den einaste som er sustø på foten etter ei slik hending.
Godt det vert mildare hos dykk og at de får at vatnet. her er det lovd mildare ver frå i morgon, så får me sjå.
Ha ein god måndag. Klem!

Rønnaug S. sa...

Joda. Det blir litt tomt, men så fort gradestokken kan vise noen litt vennligere grader har i alle fall jeg tenkt å bytte ut ei miserabel julestjerne med noe litt mer vårlig. Og kjekt er det alltid å gå mot lysere tider.

Joda. Det blir ei digital fotobok. kan sikkert sende inn til et eller annet firma. Men det kan like gjerne hende jeg lager den her heime. PSE 8 er en fryd å jobbe med!

igi sa...

Det er vemodig å pakke bort jule - blir tomt. Det er en vakker julekrybbe du har,bare sjarmerende at de ikke er helt perfekt.
Håper du får en fin uke!
Klem Igi

Annika sa...

Eg trudde eit augeblikk at du tok bloggpause, og det var derfor "takk for denne gong", men godt å sjå det berre var jula.

Vi har ikkje fått rydda vekk jula heilt endå, men håper at den skal vere ute innan tjuandedag jul, om ikkje uteaktivitet er meir fristande dei to neste dagane også;)

Ja, laurdagen var rett triveleg, anbefalast!

Gamleheksa sa...

Hei
Jeg har en liten utfordring til deg på bloggen min i dag. Obsobs! Det er ingen tvang, men koselig om du vil være med.

Jeg tenker det er to spendte London-farere som pakker nå :)

rod i hob sa...

Eg syns det er spesiellt kjedelig å ta vekk alt "ekstra-lyset" Men det er litt deilig å få det vekk og!

I kveld er det den store sitta i ro å "sjå" tv kveld!! Aleina heima, om me ser vekk frå hu littla som søve....

Minus 20 høres utrulig kaldt ut.. Koss kler du deg for å holda varmen??

Nyt kvelden ;-)

Related Posts with Thumbnails