tysdag 12. januar 2010

Skal du feire på fredag?

Fredag denne veka er det ein stor dag for mange kvinner i norske heimar. Nokre har kanskje teke den på forskot, rett etter at jola vart hyvd ut? Andre vert for seint ute, men som kjend er det jo betre seint enn aldri... Nokon feirar den langt oftare enn denne eine dagen i året!

Veit du ikkje kva me skal feire?

Jau, fredag er det tulipanens dag! Idag kom det eit nyheitsbrev på mail frå Vi i Villa, og der stod det nemleg at no er det tid for tulipanar, og spesiellt fyrstkomande fredag, som altså er sjølvaste nasjonaldagen for tulipanane.

Det er nok ikkje utan grunn at denne dagen alltid kjem på ein fredag, for kva er det vel ei husmor likar betre slik i helgestarten enn å kjøpe med seg (eller aller helst; FÅ, av sin kjære) ein bukett friske tulipanar? Med sine glade fargar livar dei opp i heimen, og gjev eit hint om at etter denne gnistrande vakre vinteren kjem det faktisk ein vår.

Eg trur eg skal kjøpa meg ein bukett tulipanar på fredag, saman med andre nødvendige varer til helga.


God tulipan-dag i vente!

9 kommentarer:

Henriette sa...

Då er altså fredag dagen for å fylle Alvar Alto vasen min:0) Fekk ein slik for nokre år sidan etter ha ønska meg ein i maaaaaaange år, og då lova eg meg sjølv at ein gong i året skal den FYLLAST med tulipanar. Det vert ein del nukettar, men det er berre nydeleg, og utruleg kjekt etter at juletreet har måtta ta til takke med verandaen;)

Ha ein flott dag.
Klem:0)

Henriette sa...

Hmmmmm, andre ville vel kanskje sagt BUKETTAR, men, men;)

Rønnaug S. sa...

Jammen den dagen bør jo absolutt feires. Er redd det ikke blir lett å få til på konfirmanttur... Men hvem sier at jeg ikke kan utsette det til lørdagen. Da her jeg jo grunn til å feire at første tur er overstått ;)

Hanne sa...

Jeg visste ikke at tulipanens dag var rett rundt hjørnet - takk for at du opplyser oss!
Feiringen er i gang hjemme hos oss, noen dager på forskudd. Jeg kjøpte nemlig en stor bukett på mandag.
Men her og nå bestemte jeg meg for at mamma skal få tulipaner på fredag!

KRISTIN sa...

Så absolutt verdt å feire!!
Vi er hos venner i Sverige på fredag, men vi kan jo feire tulipanenes dag der? De har vel tulipaner i Sverige også.

Ha en fin dag, min venn!! ♥

igi sa...

Det viste jeg ikke! Tulipaner er kjempe fine så dagen skal feires med brask og bram. Kos deg!

Klem Igi

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Vi får väl se om jag får några tulpaner på fredag. Om inte får jag väl köpa själv! :-)

Hoppas du har haft en riktigt fin dag. Må gott!

Nikoline sa...

Trur nok eg må feira den dagen,ja! Tanken var å kjøpa tulipanar til helga som var,men med den kulden me hadde var det like greit å utsetta det til mildare tider..
Ha ein fin kveld:0)

Heidi sa...

Har begynt feiringen jeg, har tre buketter i hus as we speak!(ikke helt tilsiktet i forhold til denne dagen da men...:) Ønsker deg og dine en flott uke! Klem Heidi

Related Posts with Thumbnails