onsdag 20. januar 2010

oh happy day!

Idag sat eg og kikka litt i mailen som kjem kvar natt, med blogg-statistikk. I den står det f.eks kvar dei har komme ifrå, alle dei som er innom bloggen min på ein dag. Det er svært sjeldan eg gidd å sjå på mailen, men når eg idag gjorde det, oppdaga eg noko merkeleg. Det låg ei lenkje der til http://www.confex.no/Kurs-og-konferanser/Inspirasjon-og-motivasjon/Kvinner. Eg klødde meg i hovudet, og fylgde lenkja. Der havna eg jammen santen på heimesida for "Kvinner i tiden".


Om du har lest bloggen min lenge, så hugsar du kanskje at eg var med på ein slik inspirasjonsdag ifjor? Eg måtte sjølvsagt blogge om den, og no har altså Confex funne ut at det var såpass god reklame at dei ville sende andre kvinner i tiden inn til bloggen min. Eg må innrømme at eg føler meg ein smule beæra!
Idag har vore ein god dag, rett og slett. På jobb vart eg utfordra til å leike magasindesignar (med svært kort deadline, 4 timar seinare), og då eg kom heim såg eg at 3 av søknadane eg skreiv igår kveld som gjaldt sponsing til ei forestilling korpset skal ha i mars, allereie er innvilga. Og så noko så enkelt som ei lenkje hjå Confex. O, lukke!
No skal eg gjere meg klar til å gå på øving, og håpar at de der ute har hatt ein super dag, de òg!

5 kommentarer:

igi sa...

Så gøy! Du skriver på en veldig bra måte så skjønner godt at de ønsker å bruke bloggen din.

Klem Igi

Rønnaug S. sa...

Så flott, med alle gode opplevelser. Snakkes i morra!

Patina-H sa...

Kjekt med slike dagar :) Og godt jobba !!!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Man trenger verkligen sådana dagar ibland, när allt får som det ska. Härligt!

Hoppas du får en lika fin torsdag!

Trollkåno sa...

Godt med slike "oppturdagar"!!

Related Posts with Thumbnails