søndag 3. januar 2010

Middagsselskap på årets fyrste sundag

I jola som no er over har me fått koma til duk og dekka bord hjå foreldra våre på alle høgtidsdagane. Idag syns me det var på tide å gje noko tilbake, i form av sundagsmiddag i Rosaheimen. Eg og Rosamannen (kanskje mest eg?)har i vel ei veke lese kalkunoppskrifter på nett, handla inn tilbehør, og planlagd måltidet. Me har ikkje laga kalkun før - knapt nok ete det, så eg var litt spent.


Kalkunen fekk forresten bu ute i 15 minusgrader eit par dagar - praktisk med utandørs fryseboks når vår eigen kapasitet ikkje strekk til! Litt forskyvningar vart det i tidsskjemaet idag, når me oppdaga at hyssingen var vekk, men me fekk den i ovnen til slutt. Eg kokte kraft av innmaten, som saman med fløyte og steikesky danna grunnlag for sausen. Den måtte speast ut og krydrast då eg fann ut at det var alt for lite til 9 personar, men det vart god smak til slutt. Tilbehøret ellers var rosenkål, blomkål, brokkoli, gulrot og ikkje minst - stuffing! Denne skulle sjølvsagt vore inni fuglen, men me tok ikkje sjangsen på det, sidan det då er endå lettare å få turr fugl ut av ovnen. Stuffingen vart laga av bacon, sopp, løk, persille, rømme og brød, og var faktisk snabla god om eg skal sei det sjølv!

Bordpynten var enkel - englevinger, glas-englar og ljosestakar i fattigmanssylv. Og så dei fine engle-serviettane eg kjøpte til jola, då!

Til jol fekk me eit sett med brennar og 4 skåler berekna på å lage crème brulee. Det måtte òg prøvast for fyrste gong idag. Igår kveld kokte eg vaniljeblandinga, men då me skulle karamellisere sukkeret idag oppdaga me at brennaren var utan gass, og at min hobby-varmepistol ikkje eigna seg til matlaging. Då er det praktisk å ha ein pappa med verkstad rett borti vegen, med alt utstyr som tenkjast kan; Skal sei det vart fart på karamelliseringa!

Gjestene let vel då me nesten måtte trilla dei ut døra ikveld, og då trur eg me seier at årets fyrste sundagsmiddag var vellukka.

Imorgon er kvardagen her igjen, og eg føler meg ikkje heilt klar, må eg innrømma. Tidleg opp og ut med trøtte ungar i frosen bil.... lite freistande! Dessuten skal jo min kjære på jobb igjen etter å ha vore heime i halvannan månad - det vert eit sakn å komme heim til tomt og kaldt hus, og middagslaging mens me ventar på pappen! Då er det vel best å komma seg tidleg i seng ikveld, så me startar den nye veka med opplada batteri.

God veke i vente!

7 kommentarer:

Henriette sa...

Takk for koseleg komentar. Vert jo inspirert til å blogge att med slike koselege inspel;)

Kalkun er kjempegodt, og her i huset har me hatt kalkunmiddag med husboden sin familie kvar 1. juledag dei siste 4 åra. I år var me 21 stk med stort og smått. Eg skal love deg at lydnivået var høgt når 11 ungar, 8 arabarar, ein tyskar og ein nordmann set i gong skravla..........Internasjonalt og kjekt:)

Gler meg til å høyre meir drå Rosaheimen i 2010:)

Klem:0)

Trollkåno sa...

Tusen takk for eit fantastisk måltid.........og ei hyggeleg stund.
Ha ein god dag i morgon!

Annika sa...

Det såg berre så fantastisk godt ut! Eg nemnte det faktisk for sambo her i går, at kanskje vi skulle prøve kalkun ein dag, og det trur eg endå meir no når eg les her:)

God arbeidsveke! No MÅ eg få meg litt søvn.

Linda sa...

hjelpe meg ditta såg godt ut!!!

Anne sa...

mmm, det så godt ut! Kalkun er godt likt her i heimen.. men ikke spist det på en god stund. Må foreslå det til en søndagsmiddag snart;) Bordet var fint dekket:) Ha en fin dag !

KRISTIN sa...

Heisann!
Høres ut som det vart ein vellukka middag.
Me hadde kalkun på nyttårsafta, med stuffing og knallgod saus. En sikker ting å servere fol syns no eg.

Ha ei god veke med jobb og barnehage!! Klem

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Å så gott! Kalkon är en favorit och vi åt det första juledagen. Gott Gott Gott! :-)

Jag hoppas du har haft en underbar jul och en riktigt bra start på det nya året. Ha det fint!

Related Posts with Thumbnails