måndag 25. januar 2010

mandags-innlegg

Det er heilt typisk! "Kvar gong" (ei mild overdriving, sjølvsagt) eg koblar kamera og PC saman for å legge inn bilder, så har kamera så lite batteri at det ikkje orkar å overføre bildene. Slik var det ikveld òg. Difor får du ikkje sjå det du skulle få sjå, men heller ein liten fotomontasje av min kule, livlege, rampete, sjarmerande to-åring.

Igår sat ho her og skulle male i boka si. Men som så ofte er det ikkje berre i boka ho malar. Bordet er like godt som lerret, og denne gongen måtte ho nett smake litt på malinga òg. Eller kanskje ho skulle sminke seg litt, slik storesystra likar så godt å gjere? (Jaudå, ho er berre 5, og har berre leike-sminke enn så lenge)
Vetlesyster har dessutan forelska seg heilt i dei rosa solbrillene me har arva etter ei veninne, og fleire dagar har det vore full krise om desse t.d. har låge att i barnehagen når me var vel heime på ettermiddagen. Det er ikkje alltid like lett å få dei på, men når dei fyrst er på plass ser ho skikkeleg cooooooool ut, sjølv med svarte malingsflekkar ;)

Ikveld har me vore på besøk til den vesle nabo-prinsessa som er 3 veker imorgon. Ullkle og kort vart godt motteke, og som alltid i møte med nye verdsborgarar vert eg slått av kor utruleg små dei er!
Håpar de der ute har hatt ein god start på veka!
------------------------------
A short summary in English: Since my camera was low on battery tonight ("as always") you get to see some pictures of my charming 2-year old playing with paint and pink sunglasses, instead of the pictures I meant for you to see. Hope your monday was fine!

8 kommentarer:

Lottas Himmelrom sa...

Ah kule bilder:) Ja tapet er veldig fint:) Men ikke lett syns jeg..Så masse å velge i vet du;)
Ænsker deg en fortsatt fin kveld(det som er igjen) og en strålende tirsdag:)
Klemmer:)

Lottas Himmelrom sa...

*Ønsker

Nikoline sa...

Om du ikkje fekk lagt inn dei bilda du skulle,så var det i alle fall veldig artig det du "hadde for handa" då! Måtte le høgt for meg sjølv av den vesle prinsessa.
Ha ein god dag:0)

Gamleheksa sa...

Så herlig prinsesse. En sjarmerende start på dagen "å hilse" på henne.

Annika sa...

For ei herlig lita rosa prinsesse:) Syns ikkje det gjorde noko at du ikkje fekk lagt inn andre bilder eg, for desse var jo midt i blinken til start på ein tysdagsmorgon;) Så regnar eg med dei andre kjem etterkvart dei også.

Ynskjer dokke ei god veke:)

rod i hob sa...

Så fine lita prinsessa :-)

Spesiellt kule med malingsflekka!!

Ha en fine dag i Rosaheimen!!
(Eg late som om eg e på jobb)

Rønnaug S. sa...

Sjarmerende er absolutt ordet. Helt nydelig er ho, både med og uten maling :)

KRISTIN sa...

Hihi...ho var no søøøøt då, med maling og coooole briller! Flotte bilder. Forresten høres dette også ut som elevane i 7. klasse, når dei skal male noko!!
Men dei er ikkje like søte med maling i ansiktet!! Det er sikkert....

Klem!

Related Posts with Thumbnails