onsdag 6. januar 2010

Kong Vinter

Han visar seg verkeleg no, Kong Vinter. Kappa hans ligg over heile landet, etter det ein høyrer i media, og hans iskalde andedrag gjer at varmepumpa stadig durar, og vedovnane våre vert fyllt til randa heile ettermiddagen. På kjøkkenet sildrar vatnet uavlateleg for at det ikkje skal fryse. Trøysta er at det skal bli endå kaldare!

Her hjå oss er det meldt 23 blå grader på fredag, og eg gler meg ikkje. Stadig fleire opplever at bilen ikkje startar, eller som hjå oss - at vatnet frys.

Samtidig er det jo dette me har lengta etter, alle desse vintrane med regn og gråbleike lier. I vintrane med sørpeføre og snø som forsvann før han eingong traff bakken. Men som det heiter i den gamle songen, "dei vil alltid klaga og kyta". Og no er eg vel ikkje den einaste som lengtar etter bittelitt varmare vèr. Ikkje for mykje - ikkje slik at snøen forsvinn. Berre slik at ein ikkje treng finne fram alle kleda for å gå dei to hundre metrane opp til naboen. Ein brukar jo lenger tid på å kle på seg enn å faktisk vere ute! I ettermiddag då me var ute og aka med ungane gjekk det ikkje lange tida før eg ikkje kjente at eg hadde tær. Då sendte eg ein tanke til Jarle Trå......

Men, trass alt - det er uendeleg vakkert! Om ettermiddagen når eg køyrer heim ser eg at sola stryk varmraude armar mot fjella som omkransar bygdene, og ljoset er heilt fantastisk. Blått nede i dalen, rosa oppe i fjellet. For eit par dagar sidan knipsa eg villt medan mannen køyrde bilen, og fekk fanga noko av alt det vakre me kan kvile augo på i desse dagar. Og sidan eg kvir meg til den dagen alt det kvite skal bli til rennande våt masse, så trekkjer eg tilbake nesten alt ovanfor, og helsar Kong Vinter velkomen ei heil stund til.





8 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

Ja! Han er veldig velkommen! Det er nesten littt sånn at jeg håper gradestokken skal krype enda lenger nedover, sånn at vi virkelig kan kose oss inne. Men i dag trur jeg nok at kameraet skal på luftetur i skogen... Innimellom diverse forberedelser til neste ukes utskeielser på Helgatun ;)

Monika sa...

ja det er så kalt og fint ute - men litt for kalt - her er det 25 minusgrader
fine bilder du har tatt
ha ein fine dag
klemma

KRISTIN sa...

Er så hjartens enig med deg i alt du skriv om Kong Vinter. Vakre bilete. Håpar de heldt varmen i dag. Klem!

Noralill sa...

Ja det er kjekt (og fint) med vinter, men MÅ det vera så KALDT! Brrr me fyrer og fyrer...men den isande vinden bles tvers gjennom alt hjå oss...

Eg sit framfor ovnen...hihi Ha ein fin dag!

igi sa...

Det er veldig vakkert med den hvite dyna som skjuler naturens detaljer! Jeg liker snø, liker å være ute i snø,men nå er det nesten for kaldt til å være ute. Jeg håper at det blir litt mildere snart. I mellomtiden nyter jeg livet foran peisen i sofaen.

Håper du får en fin uke!

Nikoline sa...

Ja,du kan så sei... eg hadde alle bilda inne på ekstern harddisk,det må ha noko med koblinga der å gjera trur eg. Flytte pluggen til eit anna hol når eg tok vekk mus med ledning. (Herre min dag for ei forklaring!!! Men slik vert det når ein ikkje kan dei rette faguttrykka...)
Du hadde så utruleg flotte vinterbilder her, fekk lyst å ramma dei inn og ha dei på veggen berre for å NYTA! Og så flott du skreiv,heilt einig.
Ha ein fin kveld,trass kulden :0)

Noralill sa...

Hei, igjen..såg at du har spurt om kva eg har fylt heklaputa mi med;her kjem svaret: Det var berre tilfeldig, men eg fant ei gammal pute, opna den og der var det "vatt"...veldig greit å stappe inni, sjølv om eg ikkje fekk den heilt rund med det samme...Må kneppe den litt til.

Ha ein fortsatt fin kveld.

RagnaHelene sa...

Du skrive so vakkert og poetisk!
Eg digga bloggen din BTW

Related Posts with Thumbnails