laurdag 2. januar 2010

Januar


Så er det nye året her - 2010. Eit flunkande nytt år som skal fyllast med gleder og sorger, opplevingar som skal bli til (forhåpentlegvis) gode minner.

Eg har tenkt at kvar månad i bloggen skal starte med kalendarbladet som eg har laga i årets "Stampeneskalendar". Det er kalendaren me gjev til besteforeldre og oldeforeldre til jol, og som heng på vår eigen kjøkkenvegg året igjennom. Det er vel 4. utgåva no, trur eg (eller er det 5.?), og den har nok utvikla seg ein del sidan starten. Heldigvis! Formatet har vore varierande; Ifjor var det ei A4-side delt på langs, i år er det dobbel A4, der bildet er på øverste del og kalendaren på nederste del. På denne måten vert rutene i kalendaren ganske store, og gjev rom for å skrive inn aktivitetar og avtalar.

Akurat no førebur eg dessert som skal serverast til middagsgjestene våre imorgon. Me har invitert foreldra våre på middag den fyrste sundagen i året, og har ikkje laga verken hovudretten eller desserten før, så dette vert spennande!
Håpar de der ute har hatt ein god start på året, og at fortsetjinga vert like fin!

7 kommentarer:

rod i hob sa...

Lykke til med middags selskap i morgon! Blir nok heilt topp :-)

Kjekt med kalender -eg hadde nok laga det sjølv om eg hadde hatt to så søte jente som dåkke har ;-)

Annika sa...

Lukke til med både dessert og hovudrett. Det blir nok kosleg!

Og tusen takk for gratulasjon på dagen min:) Kjempekjekt! Kvardagen er på vei tilbake, siste dagen skal nytast til det fulle, så får vi håpe at veka ikkje blir for hard å starte på!

God søndag!

tanja sa...

Godt nytt år til dåkke og!
munation
den kalendaren blir vel godt motteke kan eg tenke meg! mamma insisterar alltid på å få ein "barnebarn" kalendar til jul!

tanja sa...

tja der snei det med seg ein"ordbekreftelse" gitt, du får oversjå den

igi sa...

Så flinke dere er som lager kalender hvert år! Jeg har gjort det en gang og synes det var mye jobb.

Du spurte meg om den lille papir engelen. Jeg har ikke laget den selv - den er kjøpt. Den er laget av Rie Elise Larsen. Det ser ikke så vanskeig ut å lage en tilsvarende - kanskje det blir et prosjekt i 2010?


Kos dere med middagsgjestene!
Klem Igi

Rønnaug S. sa...

Høres ut som en spennende meny. Håper det smaker helt nydelig.

Her blir det heller enkle saker i dag. Men det gjør ikke noe. Skal bare nyte den siste dagen av nyttårsferien. I morra braker det løs igjen :)

Trollkåno sa...

Takk for den flotte kalendaren...gler oss til middag!

Related Posts with Thumbnails