måndag 18. januar 2010

Hadde nesten gløymt kor kjekt det var...

Eg har ikkje scrappa på nesten eit år. Eg har såvidt skrive "Gratulera" på eitt og anna kort til familiemedlemer, men ikkje skrive ut eit einaste av dei tallause bileta eg har teke av jentene, huset.....livet.

Dei siste vekene har lysta til å gjere noko kreativt komme snikande tilbake, og eg har rydda arbeidsrommet mitt. For ei veke sidan fekk naboane våre ei lita jente, og det var jo ein fin anledning til å prøve scrappinga igjen. Eg ville ikkje laga eit typisk prinsesse-rosa kort, men noko litt "anleis". Dermed vart det stempling med påfylgjande fargelegging, og litt andre fargetonar enn ein vanlegvis forbind med babyar.


Eg har kjøpt eit sett nydeleg kvit janus-ull til den vesle bylten, og no gler me oss til å gå på besøk og helse på vår nye nabo. Imellomtida veit eg at foreldra ikkje er av dei ivrigaste nettbrukarane, og iallefall ikkje no når dei har ei storesyster og ei vetlesyster å nyte, så eg vågar meg på å legge ut bilder av kortet her. Ikkje stor kunst, men ein opptakt til å komme igang med ein kjekk hobby igjen.
Kanskje imorgon kan eg skrive ut litt bilder, og scrappe "på skikkeleg"?
Heilt til slutt: Tusen tusen tusen takk for alle koslege kommentarar på forrige innlegg. Det er utruleg inspirerande å sjå at besøkstellaren har gått langt over 160 besøkjarar, og at antalet kommentarar er tosifra. TAKK!

9 kommentarer:

Trollkåno sa...

Kjempefint kort!
So kjekt at du er igang med scrapping igjen.....ein hobby må ein ha!

maría cecilia sa...

Beautiful card... continue with your hobby!!!!
Cariños,
Maria Cecilia

Henriette sa...

Nydeleg kort, og eg er sikker på at mottakarane vert kjempeglade både for Janus og kort. Eg synes i alle fall det er utruleg kjekt med gåver eg ser det ligg omtanke bak:)

Eg har masse scrappeutstyr på loftet, men er utruleg dårleg på å bruke det, sjølv om eg synes det er kjekt. Skulle gjerne ha sneke meg inn på arbeidsrommet ditt og scrappa litt saman med deg:)

Ha ein flott dag.
STOR klem:0)

Olgalucky sa...

Привет, Роза! Спасибо за добрые слова о моих работах! Мне очень понравился твой блог, буду заглядывать в гости)) Очень интересные интерьерные решения, вдохновляют на новые работы.
Хорошая открытка получилась!!!
Ольга.

Rønnaug S. sa...

Jammen er det på tide med et hobbytreff att. Nydelig kort. Er jo veldig glad i det stempelet, jeg da :)

igi sa...

Det er en god følelse å bruke kreativiteten. De nybakte foreldrene blir helt sikkert kjempe glade for kortet. Så gøy å ha en liten baby som nabo, deilig å nyte gode stunder med babyen og levere tilbake når babyen ikke er fult så fornøyd ;-)

Klem Igi

Hilde sa...

Så flott kort - bra du er igang igjen, for dette er jo små kunstverk som helt sikkert gleder mottakerene !
Hilde

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Superfint kort!
Och så tycker jag att du måste scrappa oftare - du är verkligen flink!

Hoppas du får en riktigt fin onsdag. Må gott!

KRISTIN sa...

Heisann!! Så flott kort - og så fint med noko anna enn rosa. Eg må lage et kort til ei lita babyjente også, men trur nok det vert i rosanyasner.

Gratulerre med GG-servise. Dei er lekre dei koppane. Ønsker, ønsker....

Natti natt!! ♥

Related Posts with Thumbnails