søndag 17. januar 2010

G r e e n G a t e - need I say more?

Årets (eller nei; fjorårets) jolegåve frå min kjære Rosamann var gåvekort på den splitter nye interiørbutikken på Voss, Fruens Hus. Den ligg i ein gamal ærverdig bygning midt på Vossevangen, og har mykje fint, som ville passa inn i mange bloggarheimar over det ganske land. Til mi store gleda såg eg på eit rekognoseringsbesøk ein dag etter jobb at butikken fører GreenGate-produkt!

Ein vert jo ein tanke påvirka av trendane i den store bloggeverda, og eg er iallefall ikkje noko unntak. Difor har eg lenge gått og hatt lyst på GreenGate ditt og datt. Igår tok me oss ein tur på Vangen (lokalt for Voss Sentrum, Vossevangen), og eg såg mitt snitt til å ta turen innom Fruens Hus for å bruke gåvekortet mitt. GreenGate-gleda vart ikkje mindre då Fruen sjølv hadde teke inn koppar og fat med fiiiiiiiiint rosemønster, akurat slik eg har ynskt meg. (Storesyster var med meg, og ho såg med ein gong likheita med tapeten på rommet sitt, som òg er bakgrunn i headinga her på bloggen.)

Gåvekortet rakk eigentleg til fire fat og to koppar, men eg og storesyster tok ei sjefsavgjersle på at "alle må få", i den forstand at det måtte vere koppar nok til heile familien. (Og sidan mannen hadde litt kvaler med at jolegåva var for lita, så tenkte eg at han sikkert ikkje hadde noko imot å skøyta på den med 196 kroner ;) )

Idag kunne sundagsfrukosten nytast på nytt GG-servise, med nysteikte baguettar, egg, kaffi og juice. At eg hadde ein vase med 20 rosa tulipanar på bordet gjorde heller ingenting, ei heller det faktum at min kjære stod opp med jentene, som var klare til å starte dagen før klokka var 8. (Med ein slik start på dagen veit eg ikkje heilt kva me skal skulde på når stemninga vart så hektisk at tenna nesten sat fast i tapeten, men det kom seg når me tok ein biltur til svigers, fekk søndagsmiddag og is, og kunne køyre heimatt til leggetid ;) )
No veit eg kva som kjem til å stå på ynskjelista i lange tider framover, og at eit besøk på Fruens Hus kan by på store utfordringar for lommeboka.
Eitt kjøp, og eg er hekta! (fritt etter Dolly Dimple's-reklamen)

12 kommentarer:

Lottas Himmelrom sa...

Ah lekkert... Heldige du:)
Klemmer

Emmeline sa...

Aaaahhh herlighet og glede i Rosaheimen. Vel gjennomført kjøp og så LEKKERT som det var:)

Ikke minst var det jo et ekstremt bra kjøp med tanke på at AKKURAT denne GreenGate dekoren kommer i utvidet versjon i sommerkolleksjonen:) Med krus og andre lekkerbiskener! WELL DONE:)

Har ikke hørt om denne interiørbutikken jeg? Jeg stikker liksom bare innom Kari Traa når jeg er på Vangen på vei til og fra kurs langt inni gokk som jeg jevnlig frekventerer....

Men nå må jeg jo sjekke denne butikken også. Veldig greit å ha noe på listen. Lo litt da jeg leste om Evangers store svigersønn som faktisk er gift med min nabo...om du skjønner.... Evangers knase datter og sønn bor i mitt nabolag begge to og gjør stas på Evanger på alle mulige måter kan jeg love:)

Grattis med nye kopper og fat og velkommen i klubben...You're not alone for å si det sånn!

Gamleheksa sa...

Her var det lite rom for tvil. Dette bare MÅTTE hjem til Rosaheimen. Nydelig.

Annika sa...

åå, så vakre dei var!
Eg trur eg er glad for at ikkje her er nokon butikk med Greengate egentlig, eller iallfall er lommeboka glad for det ;)

Ynskjer dokke ei strålande veke!

igi sa...

Et veldig fornuftig bruk av gavekortet. Nydelig mønster på det serviset!

Klem Igi

Hanne sa...

Stas!

Ønsker deg ei fortryllende uke :-)

Pludrehanneklem

Rønnaug S. sa...

Helt klart og ingentvil. Dette er rette serviset i rosaheimen. Trur snart jeg må på besøk for å nyte kaffen i de koppene... Dessuten er det store muligheter for at jeg tar meg en snopetur innom der på veg heimatt en av dagene. Kanskje for å feire at månedens krafttak på jobbfronten er overstått på lørdag ;)

Trollkåno sa...

Å, so fint!
Og so passar det perfekt i Rosaheimen........greit med gåvetips!

lovecountrychabbychicstyle sa...

nydelig greengate og nydelige bilder du viser!!

ha ei flott uke!!

Lillan:))

Renate sa...

Helt herlig ,nydelig, lekkert ,yes ,du har valgt deg ett nydelig sett med green gate der ja .
Har akuratt bestilt min første ladning med green gate jeg også og gleder meg vilt .
Helt nydelig er det .Gratulerer .
klem

rod i hob sa...

Så flott servise!!
Nydelig bakgrunn på bloggen og -he du laga den sjølv?? Kva sa rosamannen når du kom heim med så mykje???

I min heim prøve me å bli kvitt ting, så eg prøve å slutta å samla på nye ting.. Så dessverre -Green gate toget e nok gått for min del :-(

Kjekt at du e med i konkurransen min :-)

Hilde S. sa...

Kjempesøtt servise, som eg må innrømme at eg også samlar på, hehe, ilag med grøne prikkar.
Greengate har så masse fint at det er vanskeleg å velge, særleg når eg skal plukke ut varer til butikken,
men kjekt er det ivertfall:)
Ha ei fortsatt fin veke.
Klem H

Related Posts with Thumbnails