torsdag 7. januar 2010

Du grøne, glitrande tre, god dag!

eller " Du brune, barlause tre, goodbye!"

Det fine, tette jolatreet vårt, innkjøpt 5 dagar før jolaftan, viste seg å ikkje vere av det pålitelege slaget. Vetlejolaftan på føremiddagen stod det der og glitra, akurat slik det står i songen! Men då me 2. joledag kom heimatt frå jolabesøket hjå svigers hadde treet allereie byrja å sleppe nåler. Det hadde vatn, men var kanskje lei av livet allereie før det kom inn i rosaheimen?

Dagleg har me gått med kost og brett , og etterkvart har treet byrja å sjå ut som ein gammal mann med måne. Heile flekkar var utan nåler! Me oppdaga at det ikkje berre var treet sjølv som var årsaka til den enorme røytinga då vetlesyster vart teken på fersken medan ho stod og skuggeboksa med den stakkars fredelege buska.

Til slutt prøvde treet antakeleg å spele død for å sleppe å få meir juling, for medan eg og rosamannen sat heilt i ro i stova byrja det sjølv å sleppe pynten i golvet.

Idag tok eg signala på alvor, avpynta jolegrana og bar den ut. På vegen vart treet så skremd at det slapp meir nåler enn nokon gong før, og me fekk grønt vegg-til-vegg teppe! No håpar eg det har funne sjelefred der det ligg og kviler mellom andre tre litt bortanfor huset vårt. Pga mykje snø og dårleg skotøy vart det liggande litt for nært allfarveg, men litt seinare skal det finna sin endelege kvilestad nedi skogen.
Neste år skal rosamannen til skogs og felle treet sjølv, seier han. Då håpar eg han finn eit tre som trivst med glitter og stas, og som ikkje er plaga med håravfall, angst og depresjonar.

6 kommentarer:

Trollkåno sa...

God historie...og moralen må vere:Gå i skogen og hogg sjølv!
Vårt dryssar nemleg svært lite...so langt.

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Å jag må bara le!
Lite trist att granen inte ville leva längre, men sånt kan man inte göra så mycket åt.

Hoppas du får en riktigt fin helg!

Annika sa...

Det ante meg at det grøne vegg-til-vegg-teppet du skreiv om på facebook i går ikkje var ønska ja... No forstår eg resten;)

Vi har tre so ikkje treng vatn, og heller ikkje dryss, veldig greit, og neste år går vi på loftet og "høgg", så er det klart igjen:)

KRISTIN sa...

Hihi...dette hørtes og såg kjent ut! Morsomt skrevet!!
Eg hausta treet vårt på mandag, for etter ei veke utan vatn, medan me var vestpå, så slapp det nåler berre me pustai nærleiken av det. Det vart heildekkande grønt teppe i oppgangen og utanfor inngangspartiet, og eg plukkar enno nåler av strikkejakka mi. Kjende meg som eit hulepinsvin.

Ha ein flott dag!! KLEM!

igi sa...

Morsomt skrevet! Det værste er vel at vi antakeligvis vil finne barnåler rundt omkring i huset helt frem til st. hans!

Kos deg i helga!

Klem Igi

Rønnaug S. sa...

He, he, he! Du kan få sagt det! Her er all annen pynt enn treet havna i kassa, trur eg... Men i morra skal det ut. Det har nemlig også blitt smitta av nålefellingsviruset - eller er det et teppeleggerbehov i kulda??

Related Posts with Thumbnails