torsdag 30. desember 2010

Det rosa året - 2010

Det er tida for årskavalkadar, og her i det rosa universet har dette vorte meirso ein tradisjon! Eg syns det er litt kjekt å sitta og scrolle meg igjennom månadane med innlegg, mimre litt og gremmast litt ;) So, here we go:

Det rosa året - 2010

Januar kom med sprengkulde, og eit aldri så lite mareritt starta, med frose vatn i røyra, og deretter dryppande vatn i vindaugskarmar og langs ytterveggane innandørs. Men ute var det vakkert, vakkert!



Vinteren gjekk hald fram i Februar , med meir vatn i huset, ein lett invalidisert rosamann som hadde vore for tøff i vedaskog (og deretter gjorde eit lite stunt på ski), og der eg tok oppatt gamle kunstar på scrapperommet etter ei lang pause. Eg var også på kurs i Adobe Photoshop, og leika endå meir enn før med eigne foto.


Så vart det mars, og vinteren fortsatte til midt i månaden, då vestlandsvèret sette inn på nytt. I korpset eg leiar hadde me eit storprosjekt med vokalensemblet Stilett frå hovudstaden, og alt arbeidet var verkeleg verd det når kvelden vart ein stor suksess! Storesyster nådde ein milepæl då ho mista si fyrste tann, og me lada opp til den store turen til New York, samtidig som me pakka hus og heim ned i kassar.


Så kom april, med påskefeiring og løfte om vår! Familien Rosa flytta ut av huset og heim til foreldra mine, før eg og Rosamannen reiste til på den fantastiske 10-dagarsturen vår til New York! Medan me var "over there" starta oskekrisa som lamma "heile verda", men på nesten magisk vis gjekk flyet vårt som det einaste heimatt over Atlanteren.


I mai var det mykje jobbing i huset, særleg med bad (bildet) og stove. Jentene fekk seg Hausbunadar til konfirmasjon og nasjonaldag, og i naturen skaut det fram med vakre blomar.


I juni feira eg 50 000 besøk i det rosa universet med ein give-away. Storesyster hadde innskrivingsdag på skulen, og i huset fortsatte me med oppussinga av stove og bad. Me feira dessutan jonsok, og eg fekk meg ein tur til hovudstaden.


Juli - sommarmånaden - starta med ei fantastisk badekar-historie! Oppussinga gjekk sin gang, og familien Rosa reiste på ferie sørover, til hyttebesøk og dyrepark, der Storesyster vann tidenes største tivoli-bamse.

Så kom august, som blei ein svært innhaldsrik månad - på (mest) godt og (litt) vondt. Eg nemner i fleng; eg og rosamannen hadde ull-bryllupsdag, (som Rosamannen benytta til å hente ei ny dame til huset) og hadde ein tur til Biri og Mjøsmarknaden. Jentene fyllte 3 og 6 år, storesyster byrja på skulen, me flytta heimatt i huset vårt, og hadde dugnad for å få teke ned skifertaket. Den siste helga i august reiste eg til Spania på studieveke, men avreisa vart utsett med ein dag, då Storesyster vart påkøyrd rett utanfor huset vårt.



Så var det september, som for meg starta på den spanske solkysten, på sjømannskyrkja El Campanario. Fantastiske omgjevnader og fantastisk mat, i svært godt selskap! Vel heime kunne me nyte fantastiske haustdagar, og eg kunne endeleg vise den ferdig-oppussa stova mi, saman med før- og undervegsbilder.



Oktober er MIN månad, og dette året ekstra mykje, sidan eg runda 30 år. I oktober kunne me òg senke skuldrane, for då vart det nye taket på huset ferdig. Som i september hadde me vakre haustdagar, og -kveldar! Eg kunne vise fram det ferdige badet, og på grunn av bloggen og huset vart eg kontakta av ein journalist, og enda opp som midtside-pike i lokalavisa.


I november vart det eindel scrapping, både frå meg sjølv, og frå flinke damer som forærte meg nydelege gåver. November kom dessutan med kuldebylgje og eit fantastisk blått vinterljos over bygda, og frostroser, som eg kunne forevige med mi nye makro-linse!


Som alle år tidlegare, kom desember til slutt. Kulda har vore konstant, og snøen har etterkvart lagt seg som eit teppe over landskapet. I den vesle bygda har me hatt jolemarknad, og 2. sundag i advent tok familien Rosa turen til ein heil by av pepperkaker. Sjølv tjuvstarta eg nok litt på jola, då min kjære kom heim med eit fantastisk Canon 7D kamera, og imellom Luciaopptog og jolatrefestar har me sakte men sikkert gjort førebuingane til den store høgtida.

Og no er jola snart over, saman med heile 2010. Det har som dei fleste andre år hatt sine opp- og nedturar, sine sorger og gleder. Men alt i alt må me sei at me er privelegerte, som har friske ungar, tett tak over hovudet og vener og familie rundt oss. No ynskjer me eit nytt år velkomen, og me håpar det vert minst like bra som det som snart er over!!

Det er ikkje sikkert du har hengt med, men eg vil likevel heilt på tampen av innlegget - og året - takke for fylgjet her på bloggen. Takk for fine kommentarar, ros og trøyst eg har motteke frå vener der ute eg aldri har møtt (og nokon eg kjenner i større eller mindre grad). Eg håpar me får mange gode bloggstunder også i 2011.

Godt nytt år,
og takk for det gamle!!

måndag 27. desember 2010

Lego

Litt leiking med makro og nytt kamera, og litt kvardagsblogging i kombinasjon. Jentene fekk Lego politistasjon (og brannstasjon, Toy Story-tog og Ponny-farm) til jol, og me har brukt dei siste dagane på teikningar og klossar i fri flyt over stovegolvet.  Eg syns det er facinerande kor mange stilige detaljar ein kan lage med dei små klossane, og kor mykje detaljar og effektar ein kan lage med eit par klistremerker som prikk over i'en. Storesyster er dessutan i ferd med å bli ein racer med å lese arbeidsteikningar, og igår før me vaksne var stått opp var ho med Vetlesyster som assistent godt igang med å bygge brannbil.




Det har vore deiligt med eit par dagar utan vekkerklokke, med tid til å bygge, slappe av, sjå teiknefilmar og ete god mat. Idag og imorgon er det arbeidsdagar for min del, men så skal me ha fri igjen til neste veke (ja faktisk neste år!).

Håpar du nyt melsdagane, du òg!

laurdag 25. desember 2010

Jol

Spenninga er utløyst, gåvene pakka opp, og gode måltid innteke saman med familien. Me har det godt!! Me fekk fine gåver, alle mann. Eg fekk meir utstyr til kameraet mitt, og med det eg no har i hus lyt eg etterkvart utvikle kunnskapen min ganske mykje for at den skal stå i stil! men kjekt er det :)

Nokre nye englar fekk eg òg, saman med fleire gode ullplagg som eg gledar meg til å bruke i desse kalde, snørike vinterdagane. Prinsessene hadde ein strålande kveld, og når berre ein liten spenningstopp rundt middagstider var overstått var det berre fryd og gaman. Sjølv med litt få timars søvn i natt har idag vore ein fin dag, i stor grad via til oppbygging av ein Lego politistasjon. Når me så kan gå til duk og dekka bord hjå foreldra mine er 1. joledag akurat slik den skal vera.

Tusen takk for koslege kommentarar og jolehelsingar frå deko, mine kjære bloggvener - dei er òg med på å lyse opp!

Eit jolatre-bilde eg var godt nøgd med - teke med makroobjektivet idag.

Storesyster i kjole med kappe, akurat som Askepott. Den observante ser at ho har eit svart hòl i munnen - ho mista ei tann på onsdag, og er supersøt med tannlaus front :)

Vetlesyster (som storesyster) i kjole eg kjøpte på Biri i august, sydd av ei dame på Austlandet. Når ho fekk Tingeling-kostyme litt utpå kvelden måtte den likevel byttast ut ;)
Framleis gode joledagar til alle!

fredag 24. desember 2010

Sæle jolefred!

Då er den her, høgtida me har venta på og førebudd så lenge. Igår vart det rydda, vaska og pynta her i Rosaheimen. Jentene fekk pynta kvar sitt tre på jenteromma, og dermed kunne eg og min kjære pynta stovetreet i fred og ro litt seinare på kvelden.

No er det 3 nøtter til Askepott som gjeld, og sidan vert det jolagraut og omkledning, før me reiser til kyrkjes, og så heim til foreldra mine der det vert pinnakjøt og pakker, på akurat den måten eg har vore vand med frå eg var lita. Ute har det snøa i to dagar i strekk, og rammene kan knapt bli meir perfekte!

Så håpar eg både me i Rosaheimen, og alle de der ute får
ei god og fredeleg jolehøgtid!

tysdag 21. desember 2010

Ljos i mørketida

21. desember.
3 dagar att til jolefreden forhåpentleg senkar seg over heimen og bygda. Dagen idag har eg held meg heime, med ein lur på sofaen og ellers roleg aktivitet. Litt snufs og tufs, hoste og hovudverk, men ikkje verre at eg reknar med å ta siste innspurt på jobb imorgon. Litt jolehandel står òg att, sjølv om gåver og kort er "i boks".



Den fine ljoslenka med rosa englar, som eg kjøpte på Søstrene Grene ifjor, heng i den nye opningen i stova og lyser opp. Under er bilete av ei trekyrkje eg kjøpte på årets jolemarknad. Eg syns den er fin der ho står og spreier ljos gjennom sprosseglas.

Ikveld har me fått pakka inn alle gåvene, og skrive på konvoluttane til alle jolebreva. Eg har i fleire omgangar undra meg over forskjellen mellom kvinner og menn, utan at eg skal la dei funderingane få sitt utløp her i bloggen - iallefall ikkje ikveld ;)

Håpar du der ute kosar deg med førebuingane. Er det noko som er sikkert, så er det at jola kjem - enten me er klare eller ikkje!

laurdag 18. desember 2010

Fest-veka

Jammen er det fredag igjen, etter ei festleg veke her hjå oss. Kvar einaste dag har vore fyllt av foreldrekaffiar, jolemiddagar i jobbsamanheng og jolatrefest på skulen. Dei fine jentene mine har hatt opptredenar, og ein kan jo ikkje unngå å verte sjarmert av små rotter som dansar rundt nissen når han sit med grautskåla si, eller av ho med dei fine lokkane som fekk vere Lucia i opptoget på skulen.

No er me inne i ei ny helg, og denne er i tillegg til joleførebuingane i heimen, via til øving og jolekonsert i kyrkja på sundag. Den brukar å vere eit høgdepunkt, og eg håpar og trur det vert slik også dette året. Før det må me berre verte kvitt litt gruff i hals, nase og kropp hjå oss alle fire. Å verte sjuk høver seg særs dårleg no, så det gidd me ikkje!

Eg prøver å verte vener med det nye kameraet, men endå trengs det nok både tid og tålmod, før me har vorte heilt gode vener...



Ha ei god adventshelg, du som er innom hjå meg. Den siste for denne gong....

tysdag 14. desember 2010

Lucia

Luciadagen er sagnomsust, og har vore omtala i kvart einaste radioprogram eg har svinga innom iløpet av dagen. Det er vel ikkje ein skule eller barnehage som ikkje markerer denne dagen på eit eller anna vis. Me har ikkje gjort noko utav det i heimen tidlegare, men i dagens kalendarpakke til jentene låg det ein lapp, der lussekattar og kakao var omtalt. Planen var å ta med oss desse to ingrediensane opp til jentene si oldemor, som bur rett oppi bakken for oss, men som me likevel er så altfor sjeldan innom. Eg trur knapt ho har fått noko lucia-besøk før, og me kan trygt sei at det var ein suksess! Sidan me hadde laga så mykje lussekattar igår svinga me innom eit par hus til, med gode naboar og familie. Dei vart både overraska og glade, og det samme kan me vel sei om oss sjølve då nabojenta og hennar svenske mor kom med ei stor korg bollar og kaffi. Mi svenske veninne har eit HEILT anna forhold til luciadagen enn me her i Norge, og om eg ikkje tek heilt feil vert jolatreet pynta hjå dei i denne stund....
No er endå en førjolskveld over, utan at eg kanskje har fått utretta dei heilt store tinga. Men imorgon er det ny dag, nye moglegheiter. Eg er jo NESTEN ferdig med jolebaksten, og NESTEN ferdig med gåvene - ikkje gale, berre det?

Kvalitetskontroll....

Baksten frå igår

Medbrakt nytast hjå oldemor.

....og til slutt fekk mor overta alt glitteret...
God adventsnatt!

søndag 12. desember 2010

Svibel

Svibel har ei fantastisk lukt. Eller duft - det høyrest mykje betre ut, sjølv om det ikkje er heilt "heime" i målforma mi ;). Uansett, eg har kjøpt nokre sviblar. For meg er ikkje det typiske joleblomar, så det gjer meg ikkje noko å pynte med dei no ;)

Tidlegare idag tok eg på meg vottar, henta ein steikespade i kjøkkenskuffa og gjekk ut bak huset. Der spadde eg vekk litt snø, og brukte deretter steikespaden til å løyse mose frå den gamle muren bakom huset. Til våren, når eg ser "såret" i mosedekket, kjem eg nok til å angre.....


 Sink-fatet kjøpte eg på Patina ifjor, og telys-haldarane kjøpte eg i år. I farten klarar eg ikkje hugse om det var på Patina eller ein annan stad eg fann dei, men fine er dei!
 
Til å ta bildene har eg sjølvsagt brukt mitt høgt elska, splitter nye 7D-kamera, og makroobjektivet eg kjøpte for bursdagspengar for ei lita stund sidan. Og ja - eg er godt nøgd med bileta. Eg har sote med brukarhandboka i eine handa og kamera i den andre i kveld, og håpar å verte kjend med finessene litt etter litt.


Dei siste par dagane har tosifra blå grader vorte erstatta med eit par "raude", og regn frå skyene der oppe. Det har resultert i klink is på alle vegar, og livsfarlege køyreforhold! I fylgje nyheitene er det slik på austlandet òg ikveld, så med dette kjem ei oppmoding til ALLE om å køyre forsiktig, forsiktig!

Imorgon vert det bakedag i rosaheimen, iallefall i fylgje adventskalendaren til jentene. Eg håpar det vert ein fin dag!

torsdag 9. desember 2010

Canon EOS 7D

God jol, alle bloggvener!

Eller,... nei.... det var visst berre eg som hadde tjuvstarta. Då eg henta posten idag låg det ein cd der, i ein konvolutt utan verken mitt eller avsendaren sitt navn på. Det må nok ha vore nissefar som har hatt eit lite
 pre-season-oppdrag ;) Inni låg Dizzie Tunes si fantastiske joleplate frå 70/80-talet, med musene Trill og Trall. Nokon andre som hugsar den? Me hadde den på kassett i barndomsheimen, og når eg høyrer dei fornøyelege musestemmene kjem jolestemninga som kasta på meg!

Men ikkje nok med det! Då mannen min kom heim, gjekk han med noko bak ryggen. Posen var frå Japan Photo, og innhaldet....var eit nytt kamera: Canon EOS 7D!!
Kort fortalt; tårene spruta og Rosa var målbunden ei heil stund!

Eg har fått testa litt ikveld, og det er verkeleg ein forskjell frå mitt EOS 350D, som har gjort nytten i 4 år no. No gler eg meg enormt til å forske vidare på dette nye vidunderet. Korleis eg har gjort meg fortent til ei slik fantastisk gåve veit eg ikkje, men at eg har den beste mannen er eg ikkje i tvil om! Tysdag denne veka feira me faktisk at det var 14 år sidan me vart kjærastar <3

bilete teke inn i "veggen" på flygelet, som står rett attmed godstolen min. Litt kul effekt i den slitne lakken.

Min kjære har òg testa det nye vidunderet, og resultatet vart jo ikkje så hakkande gale ;)
Canon EOS 7D (bilde frå nett)
Imorgon skal eg ha fri-fredag, og den skal nyttast til ein bytur, med jolehandel på tapeten. Eg trur nok ikkje D7'en kan bli med på eit slikt eventyr, men imorgon kveld, DÅ skal me leike igjen :)

God fredag i vente!

onsdag 8. desember 2010

Ein by av pepperkaker!

I år hadde eg tenkt at jentene skulle få ferdigproduserte adventskalendarar, kjøpt på ein leikebutikk. Lego eller PetShop eller noko. Men, då Storesyster med bedande blikk lurte på om ikkje eg kunne laga pakkekalendar slik eg hadde gjort før, var eg ikkje så tung å be.

Nokon dagar får begge pakkar, andre dagar berre ei av dei. Og nokon dagar ligg det berre ein liten lapp inni pakkane. Sundag var ein slik dag, og på lappen stod det at me skulle reise til Bergen og sjå på pepperkakebyen. Som sagt, så gjort (bileta blir større om du trykker på dei):


 Eg har aldri vore i denne byen før, men syns det høyrdest kjekt ut, og gleda meg nok like mykje som jentene. Og eg må sei eg er djupt imponert over alle dei fantastiske kreasjonane frå skular, barnehagar og privatpersonar. Tilogmed ein god del bedrifter har laga sine eigne bygg i den brune kakedeigen, og pynta dei etter alle kunstens reglar - og nokon til!

Byen var populær, for me stod ganske lenge i kø for å komme inn, og gjekk meir eller mindre i kø under heile besøket, men det vart likevel mogeleg å knipse litt i det blå ljoset inne i plasthallen som byen no er plassert i, midt på Torgalmenningen i Bergen. Om du bur i byen har du sikkert vore innom, men om du skal på besøk, så kan eg absolutt anbefale ein tur til Bergen i pepperkakeformat!

søndag 5. desember 2010

Jolemarknad i (Skomakar)Gato

Det har vore ei aktiv helg i Rosaheimen. Eller, sagt på ein annan måte - me har ikkje vore så mykje innom i Rosaheimen denne helga.
Igår var det jolemarknad i bygda, og det er alltid kosleg. Den spesielle gata med trehus frå 20-talet har ei heilt spesiell stemning, og mange veit å setje pris på dette. I år var marknaden for fyrste gong lagt til ein laurdag, og salsutstillinga var utvida til to ganske store salar. Masse fint og flott og godt, for både auga, kroppen og smakssansen. Jentene var med på joleverkstad, og kom heim med nokre eigenproduserte ting som kanskje havnar under jolatreet om nokre veker..? Me shoppa litt, men det får komme seinare. Idag vil eg berre vise dykk bildene frå den koslege sentrumsgata i den vesle bygda mi, som så ofte - særleg på denne tid - minnar om Skomakergata slik me såg den på barne-tv. Rett nok kjem bileta i feil rekkefylgje - men dog. Heilt nederst er biletet av dei fine blånissane mine, i rykande ferske huer og vottar som mammo mi har strikka. Tusen takk - jentene er superfornøyde (og foreldra òg)

Jolemarknaden vart avslutta med jolegrantenning, og då stillte me som vanleg opp for å spele litt. Det gjekk så som så;  med minusgrader og sur vind fraus ventilane på det eine instrumentet etter det andre, og me måtte faktisk til med raudsprit for å klare å tyne ut nokre spinkle jolesongar. No spørst det om kornetten burde få seg eit bad før den skal brukast igjen...










Ha ei retteleg god adventsveke!
Related Posts with Thumbnails